Akeulykke ved Stavin i Ål fredag 27.12.19. Ambulanse, politi og fleire legebilar var på staden.

To barn i akeulykke på Ål

To barn på ein rattkjelke kolliderte med ein bil i Ål.

Ulykka vart varsla klokka 12.55 fredag. Barna akte ved Stavin i Ål sentrum, og dei kolliderte med ein bil som kom køyrande i låg fart. Dei trefte bilen i sida.

Barna er fire og ni år gamle. Det eine barnet fekk sannsynlegvis hjerneristing, ifølgje politiet, og vart sendt til Drammen sjukehus. Det andre var uskadd, men vart sendt legevakta i Ål. Ifølgje politiet var barnet uskadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er teke avhøyr av føraren og eventuelle vitne for å få klarlagt dei faktiske forholda, seier seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal, politioverbetjent Kari Birgit Møllerplass.