Tina Halvorsen i Gol Begravelsesbyrå.

– Å få tillit betyr mykje

– Ein må gje folk ein sjanse, var oppfordringa frå næringslivet og bedrifter som har tatt til seg folk gjennom arbeidstrening hjå NAV.

Dei delte sine erfaringar då NAV sist veke inviterte til inkluderingskonferanse på Storefjell. Med store utfordringar i arbeidsmarknaden var målet å få bedrifter til å sjå verdien av å rekruttere menneske med helsemessige utfordringar gjennom arbeidstrening.

– Me oppfordrar bedrifter i Hallingdal til å tilsette ungdom som står utanfor arbeidslivet på grunn av psykiske eller fysiske helseutfordringar, seier leiar for NAV Hallingdal, Bjørn Skjelseth i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire søkjer no hjelp
Sjølv om arbeidsløyse er låg har me utfordringar, seier leiar for NAV Hallingdal, Bjørn Skjelseth.

Mangel på arbeidskraft

Han seier konferansen er viktig då mangelen på arbeidskraft er ei stor utfordring, både no og på lengre sikt. Han understrekar utfordringane til Hallingdølen:

– Arbeidsløysa er lav og me er snart tilbake til det nivået me var før pandemien. Dei siste tala viser at Hemsedal ligg på landsgjennomsnittet i Hallingdal, medan resten av kommunane i dalen ligg langt lågare enn det.

– Og det er jo bra, men den store utfordringa er derfor rekruttering, seier Skjelseth.

Han seier det er mange bransjar som slit med å få tak i nok arbeidskraft.

– Mykje av utfordringa ligg i at den kompetansen brukarane våre i NAV sit med i si portefølje, ikkje matchar kva marknaden spør etter. Då har me ei oppgåve med å sette i verk kompetanseheving og kurs, seier han.

Han seier NAV aleine ikkje klarar å dra lasset.

– Her treng me hjelp frå både næringslivet, fylkeskommunen og vidaregåande skular. Dette er ei politisk utfordring me må løyse saman.

Inkluderingskonferansen 2021: «Rekruttering med meining».

Inkludering er ikkje vanskeleg

På konferansen på Storefjell var fleire bedrifter på plass for å fortelje om sine opplevingar med sin rekruttering og arbeidstrening gjennom NAV.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som satsar på inkludering, dei lykkast, seier Bernt Junger i Skaugum Bestikk på Geilo.

Han seier dei har auka omsettinga si og fått eit betre omdømme gjennom å bli ei meir inkluderande bedrift. Av ti tilsette er fire av dei inne på arbeidstrening gjennom NAV.

– Sjølv om me har rutinemessige arbeidsoppgåver har me det dritkult på jobb, seier Junger. Han avslutta med å seie at det på ingen måte er vanskeleg å inkludere.

– Det er berre å sette i gang.

Bernt Junger var ein av dei som fortalde som sine opplevingar med inkludering og arbeidstrening gjennom NAV.

Fortalde sin historie

Frå Kiwi på Ål og Gol Begravelsesbyrå var Marthe Fell og Tina Halvorsen. Dei fortalde korleis dei kom seg ut i arbeidslivet:

– Då NAV ville ha meg i arbeid, så nekta eg først. Eg ville jobbe i barnehage å få brukt utdanninga mi. Men dei hjalp meg medå omstille meg. No er eg fast tilsett i Kiwi og stortrivst, fortalde Marthe Fell.

Butikksjef på Kiwi Å, Solveig Dalen, oppfordra fleire til å vere med på arbeidstrening.

Tina Halvorsen kom til Gol Begravelsesbyrå gjennom NAV. Ho var utdanna barne- og ungdomsarbeidar, men hadde utfordringar psykisk og fysisk, og kom seg difor ikkje i jobb. Gjennom NAV kom ho i kontakt med gravferdsbyrået om arbeidstrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det å få tillit og ansvar betyr mykje når ein har vore heime å mista trua på seg sjølv, sa ho.

Sjefen hennar i byrået, Bente Andreassen, seier Tina tok utfordringane:

– Tina kom, ung til sinns og rosa i håret. Eg trudde ho ville bli skremt da eg fortalde kva jobben gjekk ut på, men eg klarte ikkje skremme vekk Tina, ler Andreassen.

– Gje folk ein sjanse. Alle fortener det, oppfordrar Andreassen.

Les også
Regissøren
Les også
Inviterte alle pensjonistane
Les også
Aarset vann årets målpris