Bergingsmannskap hentar ut folk i skredområdet i Ål.
Bergingsmannskap hentar ut folk i skredområdet i Ål.

55 personar evakuerte frå snøskred ved Bergsjø

Det pågjekk i morgontimane ein omfattande bergingsaksjon i Bergsjø-området i Ål.

Ei stor gruppe personar som i natt skulle overnatte i snøhole i området blir berga inn etter at det gjekk eit snøskred der det var planlagt at dei skulle sova. Det var idrettslinja ved Lørenskog videregående skole som var på tur.

- Operasjonsleiar Tom Richard Jansen i Sør-Øst politidistrikt opplyser at det er snakk om ein vidaregåande skule på tur. Ingen skal vera skadde eller sakna etter aksjonen. Lokale redningsstyrkar frå Røde Kors deltoki aksjonen. Hjelpemannskapa var framme i området ved 05-tida. Det er dårleg vêr i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved 06-tida var alle dei evakuerte på plass fjellstova Bergsjøstølen.