Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet foreslår å løyve 130 millionar ekstra til planlegging av Ringeriksbanen. Prosjektet er viktig for Ap, seier Støre. Her møter han medlemmer frå Nore og Uvdal Arbeidarparti på Rødberg i fjor.

– 300 millionar er på eit nivå som bringer oppstartsdatoen nærare

Arbeiderpartiet vil sikre nok pengar til planlegging av Ringeriksbanen. Forslaget bringer banen nærare byggestart, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Til Hallingdølen seier Støre:

– I vårt alternative statsbudsjett legg me inn 130 millionar kroner ekstra til forarbeid av Ringeriksbanen. Då er me på nivået fagstyresmaktene treng for å kome i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

300 millionar

Arbeiderpartiet legg fram forslaget denne veka. Løyvinga frå Ap kjem på toppen av dei 170 millionane regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2021 til vidare planlegging av fellesprosjektet Ringeriksbanen/ E16 Høgkastet-Hønefoss. Forslaget i statsbudsjettet møtte sterk kritikk frå både Regionrådet for Hallingdal, Viken fylkeskommune og Forum Nye Bergensbanen.

– For lite pengar for å halde den framdriftsplanen som var planlagt, slo dei fast.

No seier Støre:

– 300 millionar er på eit nivå som bringer oppstartsdatoen nærare. Me har prioritert dette i vårt alternative budsjett, seier Støre.

Er dette Aps viktigaste prioritering på samferdsel?

– Me har mange prioriteringar. Men dette er eit viktig prosjekt for oss.

Ringeriksbanen

* Ringeriksbanen skal korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time.

* Den skal byggjast som eit fellesprosjekt med ny firefelts E16.

* Ringeriksbanen er også ein del av Intercity-satsinga, og vil knyte Ringerike tett opp mot Oslo.

* Statleg reguleringsplan vart oversendt Kommunaldepartementet i mai i fjor.

* Byggestart er planlagt i 2021/2022 med opning i 2028/2029.

* Prislappen er over 30 milliardar.

Kommunikasjon og klima

Argumenta er mange og gode for Ringeriksbanen, seier Ap-leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er 60 år. I heile mitt liv har dette vore eit tema. Ringeriksbanen gir kortare reiseveg mellom Oslo og Bergen. Men det kortar også avstanden frå Hallingdal og Ringerike til hovudstadsregionen. Jernbanen i vår tid med klima er viktig. Men også for å kople til regionar så alle ikkje treng å bu i sentrum.

Støre trekkjer fram Solberg-regjeringas lovnad frå 2015 om byggestart i 2019.

– Useriøst, meiner Støre.

– Regjeringa har stått med spaden i handa. Men den spaden er ikkje lenger å finne. Derfor markerer me dette.

Les også
– Ringeriksbanen er ikkje gravlagt
Les også
Viken-kritikk mot statsbudsjettet

Tomt prat

Utsettinga av byggestarten slik Solberg-regjeringa lova med ein storstilt kakefest på Sundvollen i september 2015, er berre eitt av mange nederlag Hallingdal har gått på i kampen for Ringeriksbanen.

Slik blir Hønefoss stasjon sjåande ut når Ringeriksbanen står ferdig. Men når kjem banen?

I 2017 feira regjeringa at det skulle investerast 1000 milliardar i samferdsel i åra framover då dei la fram Nasjonal transportplan, og her var Ringeriksbanen med. Byggestart var rett nok utsett frå 2019 til 2021, «men banen kjem», vart det lova. Det største nederlaget var derimot i 1992 då Stortinget hadde vedteke byggestart mellom 1994 og 1997. Men Ap ofra prosjektet i ein hestehandel om Lærdalstunnelen.

Statsminiister Erna Solberg, Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Siv Jensen, og Ketil Solvik-Olsen feira med kake på Sundvollen i 2015. Byggestart skulle vere i 2019, slo dei fast. Det vart aldri noko av.

Må ha fleirtal

Støre anerkjenner nederlaga, men seier:

– Me må sjå framover. Neste skritt er Nasjonal transportplan (NTP) som kjem til Stortinget til våren. Planen går over ti år med prosjekt i første og andre fase. Me skal arbeide for at Ringeriksbanen kan kome tidleg. Men då må dette grunnarbeidet gjerast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Arbeiderpartiet sikrar fleirtal for sitt forslag i budsjettbehandlinga i Stortinget, er eit anna spørsmål.

Er det eit raud-grønt fleirtal bak dette?

– Det må me jobbe for, seier Støre.

– Eit tydeleg signal

Seniorrådgjevar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, meiner nyheita frå Ap er godt nytt. I løpet av helga har også Frp gått ut og plussa på 100 millionar på regjeringas forslag.

– Dette er med på å styrke moglegheitene for anleggsstart. Pengane kjem vel med. Jo meir som kan gjerast no, jo betre er det.

Dette er tydeleg frå to opposisjonsparti om at dei har Ringeriksbanen langt framme?

– Heilt rett. Det er eit tydeleg signal om at fleire vil. Stortinget har eit trykk på Ringeriksbanen. Det er spennande, seier Gurigard.