Jonas Aarseth Henriksen vart funnen drepen sist torsdag.

30-årige Jonas funnen død – blir etterforska som drap: – Me er interessert i informasjon

30 år gamle Jonas Aarseth Henriksen frå Ringerike vart funnen død sist torsdag. Laurdag slo politiet drapsalarm.

I nedre deler av Hallingdal var Henriksen ein del av motorsportmiljøet. Som sjølvstendig næringsdrivande var firmalogen hans å sjå på rallybilane til brørne Ruben og Steffen Bjerknes i Flå. Dei hadde den avdøde 30-åringen som ein av sine sponsorar.

– Stor sorg

– Det er med stor sorg me har mottatt beskjeden om Jonas Henriksen sin bortgang. Han gjekk bort så alt for tidleg. Jonas var lenge ein del av MRT-crewet i tillegg til å vera sponsor. Me kjem alltid til å hugse humøret, pågangsmotet og humoren din. Kvil i fred, skriv Mats Racing Team på si Facebookside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jonas Henriksen var for mange eit kjent fjes. Han dreiv til dømes TikTok kontoen «LastebilJonas» med over 50.000 følgjarar. Ein influensar i miljøet, og kor mange no er i sjokk, fortalde regionssjef i Noregs Lastebileier-Forbund, Roy N. Wetterstad til VG.

Politi frå Hallingdal

Gjennom helga har politiet sett store ressursar inn for å oppklare drapet på 30-åringen. Også mannskap frå Hallingdal har vore nedover for å hjelpe til i saka.

– Dette er den viktigaste saka som blir etterforska i Buskerud no, seier Brit Fyksen som er politistasjonssjef i Midtre Hallingdal.

– Leiinga av etterforskinga går føre seg frå Hønefoss, men me er innstilt på å bidra så langt me kan. Det handlar om prioriteringar, seier Fyksen.

Politiet har gått breitt ut og har dei siste dagane gjort fleire vitneavhøyr og innhenta tekniske og taktiske spor etter at 30-åringen vart funnen død ved ei hytte i Nes i Ådal i Ringerike. Det er også gjennomført rundspørjingar i området.

Britt Fyksen: Politistasjonssjef i Midtre Hallingdal.

Politiet har gått breitt ut og har dei siste dagane gjort fleire vitneavhøyr og innhenta tekniske og taktiske spor etter at 30-åringen vart funnen død ved ei hytte i Nes i Ådal i Ringerike. Det er også gjennomført rundspørjingar i området.

Hjelp frå publikum

Dei spør også etter informasjon og data frå publikum. Politiet ynskjer opplysningar og observasjonar av personar eller køyretøy i området inn mot Vestre Bjonevatnet og fylkesveg 2320 frå Bjonevika og til Bjoneroa i Ringerike og Gran kommune.

– Me er interessert i informasjon som kan belyse saka og ber om at personar som har informasjon som kan vera relevant tek kontakt med politiet. Me ynskjer opplysningar i nokre konkrete område og tidsrom, seier politiadvokat Tine Henriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet ber personar som har køyretøy med dashbordkamera som i tidsrommet torsdag 17. august mellom 05.00 og 18.00 har køyrd desse strekningane om å ta kontakt;

* E16 Hallingby til Nes i Ådal

* Fv 2320 Bjonevika – Bjoneroa

* Fv 245 Jevnaker – Flubergbrua

Politiet i Hallingdal bidreg i etterforskinga i saka om ei drepen 30-åring i Ringerike.

Ingen arresterte

Det var kjenningar av mannen som tok kontakt med politiet. Dei vart urolege fordi dei ikkje fekk kontakt med han. Det var også kjenningar av mannen som fann han og melde frå til politiet torsdag ettermiddag.

Måndag var det enno ingen arresterte i saka.

– Det er veldig viktig for etterforskinga at politiet kan avhøyre vitne utan at dei er kjend med detaljar frå saka eller mogleg hendingsforløp, seier Henriksen.

Ho stadfestar at mannen som vart funnen død hadde status som fornærma i saker som har vore eller er under etterforsking.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil vere naturleg å også sjå på disse sakene i samanheng med etterforskinga, seier Henriksen.

Tipstelefon er viktig

For politiet i Hallingdal er det foreløpig ressursar dei no bidreg med.

– Kva kan folk i Hallingdal bidra med?

– Tipstelefon er viktig. Politiet går no bredt ut og ber folk engasjere seg om dei har opplysningar. Smått eller stort. Det er slik politiet lykkast. At folk bidreg, seier Fyksen.