Øyvind Frekeplass. fremst, hadde ideen som ordførar Tor Oscar Magnussen, til venstre, og leiar i Nes Høgre, Rune Ihle, tente på.
Øyvind Frekeplass. fremst, hadde ideen som ordførar Tor Oscar Magnussen, til venstre, og leiar i Nes Høgre, Rune Ihle, tente på.

1700-tals hus blir redda

To hus frå 1700-talet i Nesbyen blir ikkje flytta ut av bygda. Nes kommune set i gang ein redningsaksjon.

Den kjem som ekstrasak i formannskapet i dag, torsdag. Forslaget frå Høgre-ordførar Tor Oscar Magnussen er kort og godt: Nes kommune kjøper loftet og stallen på Nedre Jorde i Nesbyen sentrum.

– Det er utruleg bra at Nes kommune vil ta vare på desse husa, seier styrar Marit Mehlum ved Hallingdal Museum.

Artikkelen held fram under annonsen.

1700-talet

Loftet og stallen som står i Lakkergata midt i Nesbyen sentrum er frå første halvdel av 1700-talet. Fagfolk har vurdert dei til å ha høg verneverdi.

Men dei gamle husa må vike plass for leilegheitsbygget til De eldres bospareklubb i Nesbyen. Loftet var på veg ut av bygda då kommunen reagerte. Det skjedde etter at masterstudent og sommarvikar i kommunen, Øyvind Frekeplass, banka på hjå ordføraren. Han hadde dykka ned i historia, og meinte husa må bevarast – i Nes. Han foreslo at loftet og stallen blir flytta til Sorenskrivargarden. Det er i tråd med forslaget frå kulturvernkonsulent Jørn Jensen i Buskerud fylkeskommune, som uttalte til Hallingdølen for over eitt på sidan at loftet bør flyttast til eit tilsvarande miljø i Nes.

Sjeldne hus

Ordførar Magnussen tente på ideen, og han fekk med seg leiar i Nes Høgre, Rune Ihle. Huseigaren er interessert i å selje til Nes kommune, og dermed kjem saka opp som ekstrasak i formannskapet i dag.

Denne stallen er frå første halvdel av 1700-talet.
Denne stallen er frå første halvdel av 1700-talet.
Ordførar Tor Oscar Magnussen, til venstre, tente på ideen til masterstudent Øyvind Frekeplass. Det gjorde også leiar i Nes Høgre, Rune Ihle.
Ordførar Tor Oscar Magnussen, til venstre, tente på ideen til masterstudent Øyvind Frekeplass. Det gjorde også leiar i Nes Høgre, Rune Ihle.
Loftet har høg verneverdi.
Loftet har høg verneverdi.

– Det er viktig å behalde desse bygningane her i Nes, meiner Magnussen.

– Dette er veldig sjeldne og spesielle hus, seier Marit Mehlum.

Lang historie

Husa har ei lang historie i Nesbyen. Loftet kjem frå Grimsgård nokre steinkast unna. Det vart flytta til Nedre Jorde på 1800-talet.

Søsterloftet vart flytta til Norsk Folkemuseum. Eit tilsvarande loft er Dokkenloftet på Hallingdal Museum i Nesbyen.

– Det er få slike loft att i Nes, seier Mehlum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stallen er også eit spesielt og flott eksemplar. Ordførar Magnussen er samd i at Sorenskrivargarden i Gamle Nes er ein perfekt stad å flytte husa til.

– Det vil passe fint inn der og bli ein del av det nasjonalromantiske senteret som blir planlagt her, seier han.

Opprettar fond

Han foreslår å opprette eit fond som skal brukast til å restaurere husa. Sjølv har han alt bestemt seg for å spytte inn 5.000 kroner, det same har Nes Høgre gjort og no håpar han at folk sluttar opp og bidreg til fondet.

– Det som måtte bli att, blir brukt til å bygge opp det nasjonalromantiske senteret, seier Magnussen.

– Får du støtte for forslaget i formannskapet i dag?

– Eg reknar med det. Eg skulle likt å sjå dei som ikkje vil vere med på dette, seier Tor Oscar Magnussen.