Til saman 17 bilførarar vart stoppa på Rv7 tysdag kveld etter at dei hadde køyrd for fort
Til saman 17 bilførarar vart stoppa på Rv7 tysdag kveld etter at dei hadde køyrd for fort

17 for fort

UP hadde fartskontroll i Hol og på Gol tysdag kveld.

UP hadde tysdag kveld kontroll ved Kleivi på Rv7. Til saman vart ti bilførarar stoppa for å ha køyrt for fort. Ingen av dei mista førarkortet på grunn av for høg fart, men ein av sjåførane må bu seg på å bruke beina ei stund frametter då han hadde fått for mange prikkar i førarkortet.

To andre bilførarar fekk forenkla førelegg for å ha snakka i mobiltelefon, medan to andre fekk gebyr for å ha køyrt utan bilbelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare på kvelden flytta utrykkingspolitiet seg til Gol og målte farten til bilistane i ei 80-sone. Her vart det skrive ut til saman sju forenkla førelegg på fart. Den høgste farten vart målt til 115 km/t. Det er politiet som melder dette på Twitter.