Kommuneoverlege Camilla Underland fortel om nokre svært hektiske dagar i Hemsedal gjennom jul og nyttår.

137 smitta i jula: – Dei neste par vekene blir spennande

137 personar i Hallingdal avslutta 2021 med positiv koronatest. Legane er spente på dei neste vekene, som vil avsløre korleis julefeiringa har gått.

– Dei neste par vekene blir spennande. Då vil me sjå effekten av jula - på godt og vondt. Folk har ikkje vore like aktive og hatt like mange nærkontaktar som vanleg. Men samtidig har folk vore tettare på kvarandre. Folk testar seg heller ikkje like mykje i jula, seier kommuneoverlege Camilla Underland i Hemsedal.

Rett før jul slo Folkehelseinstituttet (FHI) fast at omikron no er den dominerande varianten av koronaviruset i Oslo og Viken. I veke 52 vart den dominerande i heile Norge. Også i Hallingdal breier den om seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får sjå korleis det utviklar seg, seier Underland.

I Hemsedal fekk 41 personar bekrefta smitte sist veke, i veke 52. Men berre 14 av desse er fastbuande, resten var tilreisande.

– Situasjonen blant våre innbyggarar er stabil. Men det er mykje omikron no, seier Underland. 151 personar testa seg i Hemsedal sist veke. Helsepersonell i kommunen har hatt lange dagar gjennom jula, ikkje minst dei som har drive med sporing.

– Dei har jobba alle dagar og kveldar. I tillegg har folk vore flinke med å vareta smittevernet, det har gjort at smitta ikkje har spreidd seg meir, seier Underland.

49 smitta i Hol

Hol har hatt omtrent like mange smittetilfelle som Hemsedal gjennom jula, og fekk 49 nye i løpet av veke 52. I likskap med Hemsedal har også Hol flest smitta blant dei tilreisande.

– Den store overvekta av positive prøver har vore gjester. I tillegg er cirka halvparten av prøvene bekrefta å vere omikron, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Les også
Koronasmitta og forvirra hyttefamilie: Kommunen seier «reis heim». Heimkommunen seier «bli»

Ho fortel vidare at jula har vore travel, og kravd mykje arbeid. Likevel har høgtida gått kontrollert for seg, utan store overraskingar. Dei var budd på at det ville bli mykje å gjere. Det blir det også framover; måndag tikka det inn nye positive prøvesvar som må følgjast opp.

– Det er også som venta. Me kjem nok til å bruke nokre veker utover i januar før me kan vurdere ferieavviklinga og kva påverknad den har hatt, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sju smitta av omikron

Også Ål har hatt ein del smitte gjennom jula. I veke 52 fekk 26 personar positivt prøvesvar. 10 av desse var tilreisande, enten hyttegjester eller folk som har vore på besøk hjå familie i Ål.

– Dei fleste har smittekjelde utanfor Hallingdal. I hovudsak har det avgrensa seg til vidare smitte innan husstandane, så me har oversikt og kontroll, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

– Sju av tilfella var omikron. Det er ikkje uventa, seier ho.

Les også
Vil ha ein tydeleg bodskap om at folk må reise heim om dei blir sjuke: – Det hadde hjelpt oss

Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam i Gol fortel at 10 personar fått bekrefta koronasmitte i kommunen den siste veka.

– Dette var stort sett nærkontaktar og folk som sat i karantene. Jula har vore stille og fin, seier han.

Mange ut frå isolasjon

I Nesbyen melder kommuneoverlege Nils Høva at jula har gått greitt. Seks personar fekk bekrefta smitte i veke 52.

– Alle desse sat alt i karantene, fortel han.

22 personar sat isolert i Nesbyen før nyttår, men dei fleste er ute att. Måndag formiddag fekk heile 18 personar kome fri frå isolering. Dermed er det berre fire att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Høva er spent på dei neste vekene. Aller mest på korleis situasjonen blir etter at skulane opna att. Før skulestart vart alle elevar og tilsette i Hallingdal bedne om å teste seg.

Også i Flå har jula gått roleg føre seg. Ifølgje kommuneoverlege Roger Hyldmo testa fem personar positivt sist veke.

Les også
Hunden Apo framleis borte: – Det er djupt imponerande og heilt fantastisk at folk vil hjelpe til
Les også
Begynte å brenne bak open peis: - Eg vil berømme brannmannskapa
Les også
Til sjukehus etter alvorleg valdshending - ein person varetektsfengsla
Les også
Har endeleg fått nye eigarar: – Målet er å blåse nytt liv i hotellet