Han går under namnet «Bakaren» og det er ikkje så rart, for Nils Petter Bakkegård har gått inn og ut av dørene heile livet. Han er tredje generasjon Bakkegård som driv Geilo bakeri og konditori.
Han går under namnet «Bakaren» og det er ikkje så rart, for Nils Petter Bakkegård har gått inn og ut av dørene heile livet. Han er tredje generasjon Bakkegård som driv Geilo bakeri og konditori.

100 år med bakaromn

Bakkegård-familien har servert ferske bake- varer på Geilo bakeri og konditori i hundre år. Dagens drivarar er tredje generasjon.

I 1916 HEITTE BAKAREN Gebacke, men bakesveinen var Olav N. Bakkegård. Etter ti år overtok han. I heile den hundreårige bakarhistoria har det vore ein Bakkegård i arbeid her.

– Eg har gått her sidan eg var smågut. Folk kallar meg berre «bakaren», seier Nils Petter Bakkegård (62). Han er tredje generasjon som driv bakeriet. Mora, Solveig Bakkegård, tek gjerne morgonskiftet, men gjennom dagen er det Nils Petter og to søsken som held det gåande. Det er berre Nils Petter som aller nådigast blir med på ein prat. Mens deigen esar, held dei sjølve ein låg profil.

Artikkelen held fram under annonsen.

GEILO BAKERI ER EIN uslipt diamant. I det som liknar mest ei sidegate av det moderne og prangande Geilo ligg det, godt innbakt i bygningsmassen med diskret skilting. Når du kjem innanfor dørbjella er det ikkje fancy og jålete feinschmeckeri som møter deg, men reale, tradisjonelle bakevarer. Ein del oppskrifter er framleis med etter bestefaren. Berre mjølet har forandra seg, elles er alt som i gamledagar. Sjølv vekta er den same. Ei god og varm lukt veltar ut i det vesle butikklokalet.

DET ER EIN LAURDAG morgon i november og spegelblank hålke. Føret gjer at det er litt rolegare enn vanleg. I sitjeavdelinga manglar halve laget, men Jan Helge Haugeplass, Arild Sjåstad, Jan Øen og Magne Haugen er på plass, som dei brukar. Dei startar dagen med ein kaffikopp, ein matbit og meiningsbryting.

– Det er jo det sosiale, seier Øen. Dei andre nikkar samtykkande .

Erik Westedt (f.v.) er fast kunde. Arild Sjåstad, Jan Øen, Magne Haugen, Knut-Arne Bredal-Thorsen og Jan Helge Haugeplass (med ryggen til) er faste gjester.
Erik Westedt (f.v.) er fast kunde. Arild Sjåstad, Jan Øen, Magne Haugen, Knut-Arne Bredal-Thorsen og Jan Helge Haugeplass (med ryggen til) er faste gjester.
Geilo bakeri og konditori vart starta i 1916 og litt i dag litt diskret til eit par steinkast utanfor sentrumskjernen.
Geilo bakeri og konditori vart starta i 1916 og litt i dag litt diskret til eit par steinkast utanfor sentrumskjernen.
Olav N. Bakkegård (bak t.v.) og Margit Bakkegård med ungane Fritjof og Reidar.
Olav N. Bakkegård (bak t.v.) og Margit Bakkegård med ungane Fritjof og Reidar.
Slik såg Geilo bakeri og konditori ut ein gong i tida.
Slik såg Geilo bakeri og konditori ut ein gong i tida.
Bakeriet har sett ut som i dag sidan 1940-talet. Nils Petter Bakkegård ønsker nye og gamle kundar velkommen med eit skilt som seier “husk kransekake”.
Bakeriet har sett ut som i dag sidan 1940-talet. Nils Petter Bakkegård ønsker nye og gamle kundar velkommen med eit skilt som seier “husk kransekake”.

– For min del begynte det med at eg tok vassprøver i området. Det er 30 år sidan, seier Magne Haugen. 82-åringen var røyrleggar den gongen som i dag og trong ein plass å ete lunsj. No både startar han og avsluttar dagen på bakeriet.

FAMILIEN BAKKEGÅRD har også vore sosialt orientert. Under krigen utvida Olav N. Bakkegård bakeriet, men han såg også til at dei som ikkje hadde så mykje mat fekk litt ekstra. Han allierte seg med lokførarar på Bergensbanen og fekk dei til å slenge av brødmat til vaktarbustadane. Sonen Reidar, Nils Petter sin far, tok affære då tyske soldatar stoppa utanfor, med lastebilen full av krigsfangar. Då kunne han kaste brødmat til dei frå andre etasje.

I Nils Petter si tid er det ikkje få slitne utelivsgjester som har fått seg ein styrkande matbit på ferda heim frå «byen».

- Døra var ofte open her, men slikt har eg slutta med no. Oppskriftene har eg i hovudet. Eg bakar på rutine og kan ikkje forstyrrast akkurat då, seier bakaren, som har hatt bakartittelen i 45 år.

«BRØD GIR STYRKE» står det på døra. Men eit familiebakeri tek også tid. I travle periodar blir det lange dagar. I stillare periodar er han glad det finst vel 5000 hytter i bygda. Mange av hyttefolka har også lange tradisjonar å ta vare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde nok ikkje overlevd utan dei mange bergensarane. Det er jo artig når besteforeldre kjem innom med barnebarn og fortel om då dei gjekk her som små sjølve, seier Nils Petter. Han vedgår det skal godt gjerast om det blir ein fjerde generasjon Bakkegård i drifta. Ingen av dei tre søskena har etterkomarar.

– Det har ikkje vore tid til slikt, seier Nils Petter. Han tek eitt år av gangen.

– Eg spår ikkje om framtida. Det får Hallingdølen ta seg av, seier han. Litt spådom kan han likevel tillate seg. Ein av dei mange faste kundane parkerer utanfor og han veit med ein gong kva som er i vente. Bakaren veit kva for to brød og rundstykke kunden vil ha. n