annonse

Sjåføren sovna - bil på taket i Flå

: Sjåføren fortalde til politiet at ho sovna og derfor enda utfor vegen. (Foto: )

Ein bil med to personar i køyrde av vegen på Rv7 i Flå måndag føremiddag.

Magnus Lindahl

Ulykka skjedde like før klokka 12.

Bilen hamna på taket utanfor vegen. Dei to personane kom seg ut av bilen sjølve og vart sende til legevakt for sjekk.

Til politiet på staden forklarte kvinna som køyrde bilen at ho hadde sovna. Førarkortet var derfor beslaglagt på staden.

annonse