Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) var med på BlimE-dansen saman med alle tilsette på Skaugum Bestikkfabrikk måndag føremiddag. Ho dansa ved sidan av eigar Bernt Junger og hadde Rinaldi Nazaruddin, Jens Morten Solheimslien Rue og Kristoffer Øen framfor seg.

Her dansar ministeren på «verdas beste arbeidsplass»

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kom til Skaugum Bestikkfabrikk for å lære om inkluderande arbeidsliv. Då ho reiste, hadde ho dansa BlimE-dansen med alle tilsette.

For Geilo-bedrifta, anført av eigar Bernt Junger og dagleg leiar Jonas Rejdemo, brukar dansen ofte for å styrke samhaldet og venskap på arbeidsplassen. Då var det naturleg at arbeidsministeren måtte vere med på dansen.

– Så himla kul, jubla Junger undervegs, og fekk vist fram noko av det som gjer Skaugum til ein særeigen arbeidsplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundtur i regionen

– Noko å overføre til departementet? spør Hallingdølen.

– Ja, kanskje me skal innføre «BlimE»-dansen? Eg veit òg at nokre medarbeidarar er glade i karaoke, seier Persen, før ho held fram:

– Tankesettet er å sjå kvarandre og gjere noko som ikkje berre har noko med det konkrete arbeidet å gjere. At ein har tid til å snakke om det som skjer utanfor arbeid, er viktig.

Arbeids- og inkluderingsministeren kom til Hallingdal med fullt program måndag. Etter Skaugum var det besøk på Geilo Hotell, Kafé Tid i Ål og Vinn i Gol. Tema var inkludering i arbeidslivet og arbeidsretta tiltak.

Les også
Nominert til pris: — Me set hjartet føre dollarteiknet

Norge har historisk låg arbeidsløyse og næringslivet skrik etter arbeidskraft. Persen reiser derfor landet rundt for å få inspirasjon og lærdom om korleis fleire kan kome i arbeid.

– Løysinga er å ta fleire av dei som i dag ikkje har arbeid, inn i arbeidslivet. Poenget med besøket i Hallingdal, er å prate med bedrifter som jobbar godt med inkludering, seier Persen.

Trivsel

På Skaugum fekk Persen ei innføring i Skaugums tankesett. Her tek dei hand om dei som kanskje ikkje har passa heilt inn andre stader. Kvart år tek dei inn nokre som har hamna utanfor. Dei elleve tilsette trenar i arbeidstida, dei kan ha yoga og dei et alltid saman.

– Det handlar om korleis me arbeider med sosial inkludering og satsar på dei som fell utanfor, seier Junger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar Jonas Rejdemo (t.h.) og eigar Bernt Junger forklarar arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen korleis dei arbeider med å inkludere tilsette. I midten regionrådsordførar Solveig Vestenfor og leiar i Hol Ap, Oskar Skulstad.

Menneskets fridom og utvikling er sentralt i Skaugum-kulturen. Medarbeidarane skal yte og trivast og føle at dei deltek i samfunnet på ein god måte. Det motiverer meir enn noko økonomisk resultat. Og som Junger sa:

– Målet er å skape verdas beste arbeidsplass. Det er menneska som skaper resultata, og vårt mål er at alle skal kjenne seg som dronning eller konge i eige liv. Då blir det trivsel på arbeidsplassen.

– Me bygger laget Skaugum saman kvar dag, seier Rejdemo.

Les også
Linus fann vegen tilbake i arbeidslivet: – Det er ei god kjensle å vera med å bidra

– Fellesskap

Persen var imponert over det ho fekk høyre.

– Me er hjå ei bedrift som verkeleg har eit bevisst forhold til korleis dei går fram med sosial inkludering på arbeidsplassen. Dei har sosialt fellesskap, felles måltid. Det bidreg på ein god måte til at ein blir inkludert i arbeidsfellesskapet. Då får ein arbeidstakarar som gir mykje av seg sjølv tilbake.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen pratar med Monica Tragethon Karlsen.
Robin Bjørnstad (t.v.) og Jens Morten Solheimslien Rue helsar på arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen på Skagum.

Persen seier arbeidsplassen er eitt av dei viktigaste fellesskapa menneska har.

– Det er der me sjølvsagt tener pengar. Men det handlar også om fellesskap og at ein føler ein er til nytte.

Skaugum er saman med Ostebygda to lokale bedrifter i reiselivsorganisasjonen Håndlaget. I møte med Persen presenterte Junger og dagleg leiar Per Gunnar Hettervik planar om å overføre Skaugums tankesett til 15 andre bedrifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då treng me 800.000 kroner. Det er mykje pengar, men då kan me jobbe vidare med dette, sa dei.

Dei kronene kunne derimot ministeren ikkje love over bordet.

– Men dette handverksfellesskap der fleire er med, er spennande. Og det er spennande å sjå om det dei gjer her kan overførast til andre, seier Persen.

Les også
Kraftutbygging: No hentar dei fram att gamle planar
Les også
Haustmarknaden lokka mykje folk: – Det er ein formel med suksess
Les også
Misfornøgd med straumstøtta: – Me får håpe at vêrgudane spelar på lag når regjeringa ikkje gjer det