Jan Eira driv slakteriet Eira Vilt & Fisk i Hovet. Herfrå leverer han kjøpt mellom anna til SkiGeilos restaurantar.

– Eit forbiletleg eksempel

Lokale matprodusentar meiner SkiGeilos satsing på lokale varer og tenester er heilt avgjerande.

– Me småprodusentar er heilt avhengige at dei store brukar oss. Det betyr veldig mykje for oss. Og så er det ein fin måte å vise kva bygda har å by på. Dette går hand i hand, seier Jan Eira.

Han driv slakteriet Eira Vilt og Fisk i Hovet. I fjor leverte han råstoff til hamburgarar til alpinrestaurantane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjøtet var frå elgar som har gått rundt i skogane her, seier Eira.

Samspel

Ostebygda med sine åtte osteprodusentar er ein annan aktør som nyt godt av SkiGeilos lokalsatsing.

– Eit forbiletleg eksempel. Dei har valt å betale for handverk og eigenart. Dette er eit bevis på at ringverknadene kan bli store viss ein vil, seier styreleiar i Ostebygda, Pål Knutsson Medhus.

Pål Knutsson Medhus meiner SkiGeilos satsing på lokale ost har vist veg for andre. -Det gir sjølvtillit og tru på at det me driv med, er bra, seie Medhus.

– Kva har det betydd for Ostebygda?

– SkiGeilo var blant dei aller første som torde å satse på lokalprodusert ost. Etter at dei gjorde det, har fleire følgt etter. No har Ostebygda ostar på eit titals serveringsstader.

Men, seier Medhus:

– Samtidig må me som driv med lokale varer vere offensive og tilgjengelege. Me må ha produkt som har høg kvalitet. For dette handlar ikkje berre om at det er lokalt. Det me levere, må vere topp.

– Brukar heile bygda

Ordførar Petter Rukke er også imponert over tala.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At dei har brukt over 100 lokale selskap er mykje. Dette skapar arbeidsplassar og stimulerer anna næringsliv.

Berre i Hol har SkiGeilo lagt att 22 millionar siste året.

– Dei satsar på så mange område. Det gir ringverknader i all næring. Dei brukar heile bygda, seier Rukke.

At dei i tillegg har gitt gass under koronapandemien seier alt om den offensive haldninga, meiner ordføraren.

- Hol kommune har hatt eit framifrå samarbeid med dei etter at koronapandemien slo til. At dei har slik tru, er viktig for alle. Eg håpar dei for god utteljing den kommande sesongen.