Kevin Eikrehagen er ny dagleg leiar i SkiGeilo. Han skal leie arbeidet med å løfte alpinproduktet ytterlegare.

Eikrehagen ny dagleg leiar i SkiGeilo

Kevin Eikrehagen er ny dagleg leiar i SkiGeilo.

36-åringen frå Hol skal leie arbeidet med å løfte alpinproduktet på Geilo til nye høgder.

– At eg som er frå Hol kan få vere med på å utvikle Geilo, er stort. Dette kunne eg ikkje seie nei til, seier Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgde

Han tek over etter Ole Halvor Svenkerud som har hatt jobben eit års tid. Eikrehagen har jobba i Geilo Holding sidan 2014 og vore marknadsansvarleg sidan 2017. I mars 2017 kjøpte Geilo Holding og selskapets eigarar Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen Geilo Skisenter. Sidan er det investert store summar for å oppgradere anlegga.

– No skal me dyrke dette vidare, seier Eikrehagen.

Pålgardhaugen trekkjer fram Eikrehagens engasjement og kjennskap til bedrifta.

– Når Kevin overtek som dagleg leiar, veit alle kva dei får. Eg er på vegner av styret svært glad for at Kevin takka ja til å leie bedrifta vidare.

Nye investeringar

I sommar skal dei igjen investere betydeleg. Mellom anna blir det nytt skitrekk i Fjellheisen i Havsdalen, nytt styringsanlegg i Geiloheisen og nye snøanlegg.

– Det er med ærefrykt ein takkar ja til å leie ein slik historisk kjernebedrift som skisenteret på Geilo er, seier Eikrehagen.

I fjor vann Geilo pris som landets beste skiresort.

– SkiGeilo skal gjere det me kan for at det skje fleire gonger, seier Eikrehagen.