Desse bedriftene kan vinne Næringsprisen - ver med og stem fram vinnaren
Ein jury har vald ut sju kandidatar som kan vinne årets næringspris i Hallingdal. No kan du stemme på din favoritt.
Næringsprisen blir delt ut under Hallingdalskonferansen kvart år. I år skjer det måndag 28. august.
I 2022 var det Vinn AS som vann etter ei open avstemming. Året før kåra ein jury Defa til vinnar. Kven får prisen i år?
Artikkelen held fram under annonsen.
I fjor valde arrangørane at ei publikumsavstemming på Hallingdølen sine nettsider skulle telle halvparten av vurderinga. Slik blir det også i år.
Etter nominasjonsprosess tidleg på sommaren, har arrangøren kome fram til ei liste med kandidatar. Desse famnar breitt, både i storleik, geografi og bransjar.
– For lokalsamfunn er evna til å skape arbeidsplassar og verdiskaping enormt viktig. For å synleggjere og løfte lokale verksemder som gjer ein formidabel innsats, deler vi ut næringsprisen, seier Elin Kaafjeld frå NHO Oslo og Viken, som sit i juryen.
Breitt spekter
Ho sit i årets jury, i lag med Bjarte Reve, dagleg leiar i Hallingdal Næringshage og Maria Grefsgård, programleiar for Sats På Hallingdal i regionrådet.
Dei har plukka ut sju kandidatar til prisen.
Dette er dei nominerte:
Bygg Team AS (Gol)
Elektroservice Hallingdal Installasjon AS (Ål)
TID kafé og landhandel AS ( TID stiftelsen)» (Ål)
Topcamp Hallingdal AS (Ål)
Vidju Holding AS (Hol)
Hendug Bygg AS (Ål)
Fjellmøbler AS (Ål)
Dei neste dagane kjem Hallingdølen til å presentere kandidatane gjennom eigne reportasjar.
Slik gjer du det:
Næringsprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2014. Både små og store bedrifter har fått prisen, som utover heider og ære også betyr prispengar på 30 000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Næringsprisen:
* Blir delt ut på Hallingdalskonferansen i august kvart år.
* Ein jury plukkar ut bedrifter frå Hallingdal som kandidatar, og du kan vera med og kåre vinnaren. Avstemminga startar i august, på Hallingdølens nettsider.
* Dei nominerte kan vise til god utvikling, vekst og lønsemd, evne til nyskaping, og eit godt omdømme i Hallingdal.
Desse har vunne tidlegare:
2021- Vinn AS
2020 – Defa AS
2019 – Høgevarde AS
2018 – Hallingdal Hytteservice
2017 – Geilo-Gruppen
2016 – Hallingdal Sjukestugu –
2015 – Hallingdølen
2014 – Hallingplast
I vindauget under kan du stemme på din favoritt til å vinne prisen. I fjor vart det gjort endringar for å unngå «kampanjeavstemming», og det er difor berre lov å stemme ein gong i løpet av heile perioden.
Siste frist er 20. august.