Yppar til kamp for meir bygging i bygdene
Norske bygder og distrikt skal ikkje vere parkar for ferierande NRK-journalistar. Bygdene skal vere ramma for gode lokalsamfunn med skular, bustadfelt og arbeidsplassar.
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) slår, med denne salva i VG, attende mot naturvern-raptusen som han meiner Bård Tufte Johansen har sett i gang gjennom fjernsynsserien «Oppsynsmannen». Statsråden meiner serien til NRK framstiller graden av inngrep i norsk natur på ein feil og tendensiøs måte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pollestad seier det må byggast for å skape moderne samfunn, og er meir bekymra for fråflytting enn for attgroing i norske bygder. Han avviser også det ute i kommunane er nokon «heime aleine»-fest for utbygging i norske bygder og fjell.
Bodskapen er at me har nok av natur. «Dersom me framleis skal ha høg velstand så treng me fleire bustader og fleire arbeidsplassar i bygdene», minner han om. Statsråden forsikrar at han ikkje ynskjer å bygge ut berre for å bygge, men er klar på at vegar og bane må fram. «Me skal ikkje bruke meir areal enn me må», tek han atterhald om.
Geir Pollestad legg hovudet på blokka, og er klar over det. Det er mogleg han ikkje har sensa at det faktisk finst ein motreaksjon mot nedbygginga av natur ute i folkedjupet nett no. Slik sett minner han om tilhengarane av EF/EU, som i motsetnad til Senterpartiet ikkje klarte å fange opp folkemeininga.
Det er rett og slett ganske oppsiktsvekkande at landbruksministeren inviterer VG med på køyretur i skogen for å si «me må bygge ned meir». Det framstår både lettvint, smånaivt og kategorisk når han seier at alle inngrepa i norsk natur hittil har vore verdt det, og til gode for samfunnet.
Hallingdølen har tidlegare stilt spørsmål ved blant anna nedbygging av myr. Å bygge ned norsk natur handlar ikkje berre om å sjå éi side av ein sak, slik det verkar som Pollestad gjer når han understrekar kor viktig det er med utbygging for å skape moderne distrikssamfunn. Han har jo rett i at me treng utvikling ute på bygdene - men kva med dei langsiktige konsekvensane, når me stadig tek nye jafs av norsk natur for å bygge? Me må vite kva dei kommande generasjonane vil arve om me stadig bygger ned myr, matjord og urørt mark.
Men: Me ser også ei god side ved statsråden sin klare tale. Han utfordrar utan tvil til debatt. Også i sitt eige parti. Senterpartiet rommar alt frå storbønder og seljarar av utbyggingsareal, til småbønder med eit konservativt syn på ut- og nedbygging av natur. Urbane naturvener har også funne ei hamn i partiet.
Landbruksministeren vil i denne saka bli omfamna av dei tunge næringsinteressene. Spørsmålet er om han, ved å bagatellisere nedbygginga, også har klart å terge opp motkreftene.