Villreinen er juvelen som må ha sin eigen advokat

Reinsflokkane som går i høgfjella er truleg det ypparste faunaen i vårt område kan by på. Dei stolte dyra har vore her sidan isen drog seg attende nordover for 10.000 år sidan. Dei kan lett klare ti tusenår til, dersom dei får leve i pakt med sine finstemte instinkt og veremåtar. Dyrestamma har justert seg nøye etter klimaet og beitegrunnlaget som fjellområda kan by på.

Villreinen er no på raudlista som truga art. Det skjer trass i at Norge internasjonalt har teke på seg særskild ansvar. Me har også nasjonale lovbestemmelsar, som skal sikre at me fylgjer opp desse forpliktelsane. Villreinnemndene i kvar av dei 24 villreinområda skal sjå til at reinen får dei livsvilkåra som krevst for at stamma held seg sunn og frisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I klartekst handlar dette om at nemndene skal sjå til at dei menneskeleg inngrepa i leveområda til reinen ikkje går ut over dyra. Villreinnemnda er difor i plan- og bygningslova eit statleg organ, som skal få tilsendt planforslag til uttale når saka gjeld leveområda til dyra. Å unnlate dette er ein saksbehandlingsfeil.

I vår byggekåte tid, kan det likevel vera krevjande nok å skulle tale villreinens sak. Det viser seg då også når villreinnemnda for det omfattande Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell no slår alarm.

Les også
Gir kommunane «blaffen» i villreinen? – Blir ofte gløymd

Nemnda blir ikkje alltid brukt som den høyringsinstansen den etter plan- og bygningslova skal vera. Den blir rett og slett borte i flaumen av arealplanar, sti- og løypeplanar, dispensasjonssaker, vindkraftanlegg, vassdragskonsesjonar, linjeføring og andre tiltak. Leiaren for denne villreinnemnda meiner nokre av kommunane er flinke til å «gløyme».

Slik skal det ikkje vere. Me veit rett nok ikkje kor omfattande «gløyminga» eigentleg er. Det me jamleg ser er at det er tungt å tale villreinens sak mot utbyggingsinteressene. Argument som: «er det så farleg», «me har ikkje sett rein her på lange tider» og «dei fryktar ikkje skuter» er ikkje ukjent. Heller ikkje det lett absurde; «reinen trekker seg unna når det kjem folk».

Villrein er ville dyr. Dei trekker seg vekk frå folk. Og dess meir me bygger i fjellet, og i randsona rundt, til lenger vekk trekker dyra. Men det er ikkje det som er meininga med regelverket om villrein. Hensikten er å sikre leveområde der dyra kan vandre fritt, utan å måtte innrette seg etter menneskeleg aktivitet for å kunne leve i områda der det er naturleg for dei å ha livet sitt.

Hallingdølen sluttar seg til påminningane frå leiaren i dette store villreinområdet. Dei store reinsflokkane er ein av juvelane i faunaen vår. Det menneskelege trykket mot reinen har aldri vore større i løpet av dei 10.000 åra som har gått. Berre det tilseier at føre-var prinsippet må rå i desse sakene.

Les også
Seier nei til overnattingsdomane: – Villreinens tilstand er alt dårleg