Openheit om skattelistene har lang tradisjon her til lands.

Viktig med gjenopning av skattelistene

Skattelistene blir frå hausten opne for søk utan sporing. Det er fleirtal på Stortinget for å oppheve ordninga regjeringa Solberg innførte, der søka blir rapportert attende til skattytaren. Denne endringa, frå 2014, har ført til at få nyttar retten til innsyn.

Mindre innsyn var då også målet for Erna Solberg og Siv Jensen. Den blåblå regjeringa oppfylte eit ynskje frå eit veljarsegment, som gjerne figurerer høgt på listene. Den dåverande regjeringa, og deler av veljarane deira, ynskjer eigentleg null innsyn. Sidan talet på søk vart redusert frå 16.5 millionar i 2012 til 1,6 millionar i 2021, er det klart at dei borgarlege her oppnådde det meste av det dei hadde ynskje om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endringa frå, 2014 var finurleg utført. Regjeringa kunne seie at det framleis var openheit rundt skattelistene, samtidig som dei begrensa bruken av openheita så langt det let seg gjere.

Det er ei ærleg sak å meine at folk ikkje skal ha innsyn i skattelistene. Det er politisk snusk å gjere ordninga så sur, at svært få nyttar ho. Dersom regjeringa hadde fjerna ordninga heilt, ville det vorte ein høglydd debatt. Regjeringa til Høgre og Frp klarte her kunststykket å unngå diskusjon om eit viktig tema.

Me har tidlegare skrive om denne saka:

Meir openheit, er i alle andre samanhengar, eit fast innslag på den politiske menyen. Me finn då også mange gode grunnar til at det skal vere openheit rundt skattelistene. Knapt noko dokument fortel meir om dei grunnleggande samanhengane i samfunnet.

Pengar er makt, og det er viktig å vite kven som har makta. Det viktigaste grunnlaget for eit demokrati, er kunnskapsnivået i befolkninga. Jo meir veljarane veit om samfunnet, desto betre fungerer demokratiet.

Openheit kring skattelistene er grunnlaget for all debatt om skatt og inntektspolitikk. Utan, vil ein ikkje få kjennskap til inntektsforskjellane. Det vere seg mellom yrkesgrupper, samfunnsgrupper og regionar. Svakheitene ved deler av politikken som blir ført, vil ikkje bli avdekka.

Privatøkonomisk openheit om inntekt er også ei viktig kjelde til kunnskap. Mange har bytta jobb etter å ha samanlikna seg med kollegaer. Høvet til å samanlikne med andre, gir den einskilde hjelp til å strekke seg etter den jobben som best utnyttar, og belønnar, eige talent og kvalifikasjonar. I tillegg til å tydeleggjere verdien av eige arbeid, fortel informasjonen også om kor mykje den einskilde bidreg til fellesskapet.

Openheit har også betydning for prisnivået på varer og tenester. Prislister og konkurranse er ein ting. Men fasiten på kvar pengane blir av, ligg i skattelistene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Media blir ofte nytta som argument for meir hemmeleghald i denne samanhengen. Det er rett at deler av media har ei tvilsam historie, med omsynslaus offentleggjering av lite relevant informasjon. Men hovudmålet for media er å legge fram økonomisk informasjon, som dannar grunnlag for viktig samfunnsdebatt.