Venstre har kome til at mange av dei om mottek Avtalefesta pensjon (AFP) ikkje har slite nok for pengane. (Arkivbilete)

Venstre på røvartokt etter pensjonspengar

Venstre har laga alternativt statsbudsjett. Dette er ei vanleg øving frå eit opposisjonsparti, og blir gjort for å synleggjere politikken dei ynskjer å føre, - dersom dei får sjansen.

Det er ei ærleg øving, og eit greitt bidrag til det politiske ordskiftet. Slik sett er det synd at dei fleste av desse utspela blir lite estimert av veljarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partileiinga i Venstre tek no til orde for å skrote heile AFP-ordninga. Ikkje berre for dei som ein gong skal få AFP. Partiet har også spurt Finansdepartement om det er råd å stoppe utbetalingane til dei som er i ordninga i dag.

Departementet minner, ifylgje Aftenposten, diplomatisk om at pensjonsordningane er knytt til både lover og avtaler. Mange må involverast dersom noko skal bli endra.

Pensjonsforlik er då også eit kjent begrep frå politikken. Desse handlar om at så mange som råd av partia på Stortinget, helst alle, blir samde om pensjonsordningane.

Tanken bak dette er at arbeidstakarane skal ha stabile pensjonsvilkår, og ikkje bli utsett for endringar etter kvart val- eller regjeringsforlik. Det er ein del av pakka som kallast stabil styring av landet.

Me veit at Venstre, med sine stolte tradisjonar, er ein sterk tilhengar av stabil styring. Dette er eit unntak, og bakgrunnen for det finn me i noko som grenser til rein forakt.

Partiet Venstre stiller seg i dag svært skeptisk til sider ved det organiserte arbeidslivet. Avtalefesta Pensjon (AFP) er ein del av dette. Ordninga er basert på tariffavtale, noko partiet heller ikkje brenn for.

Argumentasjonen Venstre fører mot AFP-ordninga er at den vart til for at slitarane skulle kunne få ein verdig avslutning av arbeidslivet. I klartekst; det er for få med manuelt arbeid, og for mange med kontorjobb som nyt godt av ordninga. Dei sistnemnde slit ikkje nok.

Sjansen for at Venstre når fram med det partileiinga meiner er eit velfortent spark mot ei stor gruppe lønstakarar er liten. Partiet nuvlar på rundt sperregrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig går det mot val, og mest truleg regjeringsskifte. Venstre har Guri Melby som statsministerkandidat. Me har tidlegare sett lillebror få statsministeren i borgarlege koalisjonar. Me har også sett regjeringsplattformer-, og forlik, med det mest uventa innhald.

Det er ingen tvil om at leiinga i Venstre snakkar alvor når dei ynskjer å skrote AFP-ordninga. Det har ligge i partiets gener dei siste to-tre tiåra.