Velkomen og verdifull minstevassføring

Såra i Hallingdalsvassdraget skal lækjast. Kommunane i dalen har i fleire år stridd for å dempe dei verste utslaga av kraftutbygginga. No har dei fått eit gledeleg gjennomslag.

Sjansen kom gjennom revisjonen av vilkåra for utbygginga. Kavet om slik revisjon kjem inn etter femti års drift. Kommunar, grunneigarar, kraftselskap og andre får då høve til å spele inn ynskje om endringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turrlagde elveløp er i dag eit av dei styggaste utslaga etter utbygginga. Hovudvassdraget, Hallingdalselva, frå Ål og nedover, har rett nok hatt krav om minstevassføring året rundt, heilt sidan utbygginga stod ferdig seint på sekstitalet. Her er det også bygd tersklar som held att vatn.

Andre vassdrag er bygd ut tidlegare. Den gongen vart korkje spørsmål etter, eller tanke om, at det burde sleppast ut ei minste mengd vatn.

Kravet om minstevassføring har imidlertid ligge der i lang tid før revisjonen som no er gjort. Fiskeinteressene har naturleg nok pressa på. Det same har turistnæringa, og befolkninga elles. Tida var difor moden for at Hallingdal skulle få dette gjennomslaget.

Flaumen på seinsommaren gjer det kanskje lite logisk å juble for meir vatn i vassdraget. Det er to forskjellige saker. Krava som no blir innført utgjer så små mengder, at det ikkje på noko vis vil ha betydning i ein flaumsituasjon.

Det vil framleis vera slik at demningane, tunnelane og kraftstasjonane er det beste vernet me har mot skadeflaum her i distriktet.

Samtlege av dei nye krava til utslepp av vatn vil uansett ligge langt under, til dømes, kravet til minstevassføring i Hallingdalselva ut frå Strandafjorden i Ål. Her går det 2,5 kubikkmeter i sekundet det meste av året. Sommarstid aukar kravet til 10 kubikkmeter i sekundet.

Utsleppet frå dammane som i åra framover må sleppe ut vatn, vil til samanlikning ligge på mellom 0,2 og 0,6 kubikkmeter i sekundet. Det er lite, men det er store verdiar i dette vatnet, og minstevassføring kan til tider stele litt av produksjonen.

I tillegg kostar den tekniske sida ved å sleppe ut vatn pengar. Prisen for å etablere minstevassføring vil variere frå mellom ein halv, og fleire millionar, ved kvart av damanlegga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me meiner minstevassføringa er verd pengane. Rennande vatn betyr mykje for eit landskap. Dei 72 kilometerane med elver, som i større eller mindre grad ligg som steinørkenar, vil kunne forvandlast til lokale perler når det no kjem vatn. Det blir rett og slett eit vennlegare landskap.