Elevar i barne- og ungdomsskulen må no levere inn mobiltelefonen på starten og slutten av skuledagen - om skulen følgjer regjeringas anbefaling.

Vekas «no-brainer»: Vekk med mobilen i skuletimane

I går kom anbefalinga frå regjeringa: Dei vil ha null mobilbruk gjennom skuledagen for alle elevar i barne- og ungdomsskulen. Dei anbefaler også at mobiltelefonane blir lagt vekk i timane for elevar på vidaregåande skule.

Ein stor del av landets skular er alt mobilfrie. Men mange plassar har det vore ein kamp å få til, enkelte stader rasar den kampen framleis. Derfor meiner me det er bra at det kjem ei nasjonal anbefaling, som skulane kan bruke som rettesnor. Me meiner også at det er heilt greitt at det sentrale signalet kjem som nettopp ei anbefaling, og ikkje som lovendring. Å lage ei lovgjeving for dette, ville tatt tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å fjerne mobiltelefonen frå skuletimane er ein «no-brainer». Det er vel ingen som i ramme alvor kan meine at det er ein fordel om ungar og ungdom får fikle med mobiltelefon i timane. Samtidig melder skular om at den enklaste løysinga, «legg mobilen i sekken, ikkje ta han opp før friminuttet» har fungert dårleg. Telefonar har blitt fiska opp, brukt under pulten, lagt på låret og tasta på.

Så kom mobilhotella og andre kreative løysingar. Elevane leverer inn telefonen når dei går inn i klasserommet, og får den att når dei går ut att. Det hjelper sjølvsagt mykje. Me forstår likevel godt at mange lærarar i barne- og ungdomsskulen no helsar velkomen at elevane skal gjere dette på starten av skuledagen, og at mobilane ikkje blir gitt tilbake før på tampen. Ei innlevering, ei utlevering. Så enkelt som det.

I fare for å høyrast heilt steinaldersk ut, meiner me det må vere høg verdi i at elevane er utan mobiltelefonen også i friminutta. Då blir dei tvungne til å prate med kvarandre. Sjå kvarandre i auga. Sosialisere seg, utan skjermen til flukt eller hjelp. Dei må finne på aktivitetar som ikkje er skjermrelatert. God sosial trening, kanskje særleg for dei som ikkje er rågod på dette i utgangspunktet.

Me skjønar samtidig at det er utfordrande for mange ungdommar å takle at mobilen blir levert inn, og ikkje kjem tilbake før mange timar seinare. Det er no ein gong slik at mobilen har blitt ein del av oss. Me er så vane med å ha den med overalt, at me nesten kan kjenne oss nakne om den ikkje er med. Men me trur dei som veks opp i dag har godt av å kjenne på timane utan mobilen i handa. Å ikkje ha ein dings som hjernen kjenner den berre MÅ sjekke. Ikkje ha ein skjerm å flykte ned i om det blir nokre kjedelege minutt, eller om det kjennest litt tungt å vere fysisk sosial.

Å lære seg å skape relasjonar og omgi seg med andre menneske: Det er jo ein del av utdanningsløpet og skuletida det også.