Skribenten er oppteken av kva skulen eigentleg skal vere: Ein tygg arena for glede og læring. (Arkivbilete frå elevarbeid)

Valdsutsette lærarar og makteslaus skule

Lærargjerninga mi byrja på ein firedelt grendeskule i 1950-åra. Elevane treivst, og alle leikte i lag i friminutta. Inga utestenging eller mobbing.

Heime hadde alle sitt å vera til nytte med. Ulikt no var lærarløna relativt bra høg, ein lærar hadde ein viss status i samfunnet og det var sterk konkurranse om lærarutdanninga.

Alt var ikkje berre idyll den tida heller. Mangt er sikkert betre enn det ein gong var, og sjølvsagt skjer det mykje bra i dagens skule. Ein skulle synast at aldri har norske barn og unge hatt det betre. Aldri har utvalet av fritidsaktivitetar vore større, og aldri har den obligatoriske, gratis skuletida vore lengre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Knyter sjukefråværet til vald og trugsmål frå elevar: – Det er krevjande

Skurrar

Likevel kan ein seia: Stakkars mange av dei som veks opp i Norge no. For det er mangt som skurrar. Ingrid Lund, professor i spesialpedagogikk seier: Vald, trugsmål og utagerande åtferd har vorte kvardagskost i norske klasserom. Mange medelevar kan ta skade av dette, særleg viss dei allereie har såre punkt i livet sitt. Ho er alvorleg bekymra for konsekvensane det har for barn og ungdom som over tid opplever slike hendingar i skulekvardagen sin. Det vil hindre læring og sosial og emosjonell utvikling.

Professor Ole Martin Moen, forfattar av boka «Skolens omsorgssvikt», stør Lund og går enda lenger. Når vi vaksne pressar barn til å vera i eit utrygt og valdeleg miljø, er det barnemishandling, meiner han. Han viser til at WHO slår fast at barn har fem grunnleggjande behov, der vernebehov og emosjonelle/sosiale behov er to av dei. Det er veldig mykje vald som ikkje blir fanga opp av mobbeomgrepet. Når barn må vera i eit miljø med trugande valdspotensial, blir det utsett for det som kallast latent vald, og er dermed eit valdsoffer.

Folkeskikk

Ein rektor ved ein Oslo-skule seier at vald mot medelevar nærast har vorte noko daglegdags. Kanskje er utfordringane i Oslo ekstra store. Men også andre stader slit. I avisa Valdres blir det fortalt frå to skular om elevar som totalt manglar folkeskikk, om manglande respekt for andre, inklusive lærarane, om ein språkbruk så fæl, også blant de yngste elevane, at det gjer vondt å lesa, om trugsmål og vald, om utestenging og mobbing.

Ungdomstida er den tida ein lærer å ta ansvar for seg sjølv og andre. Dagens tenåringar balar som tenåringar alltid har gjort, med å finne seg sjølv og sin plass og bekymrar seg for om dei blir aksepterte av dei andre eller ikkje. Grupper skil seg ut med til dømes klesstil, frisyre og fritidsinteresser. Gruppepresset blir stort. Aldri kjennest presset større om å vera lik dei andre enn i dei åra ein er mest usikker på seg sjølv. Dei som ikkje slepp inn, men blir gåande utestengde og einsame, kanskje uthengde i sosiale medium, opplever dette som eit forferdeleg tilvære. For somme så uuthaldeleg at dei kan gje seg med i kva som helst utagerande gjeng berre for å ha nokon å vera i lag med.

Les også
Næssa Nordtun: Lærarar kan gripe inn mot elevar som skaper uro i klasserommet

Sett og verdsett

Det er dristig å peike på det ein trur trengs, men lell: «Onkel seier eg er tenleg», kom førskuleguten gledestrålande og fortalde foreldra da han hadde fått hjelpe til. Det er ikkje annleis når det gjeld dei større. Bli sett og verdsett, få høve til å vera nyttig, bruke ressursane sine og få vera eit medmenneske som betyr noko for dei omkring seg og få sjølvrespekt, er truleg rette, førebyggjande medisinen.

Dagens lærarar strevar. Dei kunne trenge at det vart funne fram til korleis det å få vera til nytte kunne gjennomførast i større grad enn no for å betre skulemiljøet, og at skulen fekk tilført dei menneskelege og materielle ressursane som trengst for å gjennomføre endringar til beste for eit velfungerande skule- og fritidsmiljø.

Men også strakstiltak der samfunnet tok seg av skakkøyrde individ, slike skulen og lærarane står utan moglegheiter til å hjelpe. Ein elev er kanskje på skulen berre for å kjenne på at han er sjefen som meistrar alle rundt seg og får anerkjenning av medelevar for utagerande åtferd. Han som kan bli ein trendsetjar som dreg andre med seg, kanskje endatil med på narkotikabruk og kriminalitet, burde få alternativ opplæring og oppseding, helst på ein annan plass enn skule for ein periode. Ei lovendring trengst.

Ansvar

Foreldra og føresette sit med hovudansvaret. Somme heimar fungerer ikkje, ungane får gå på sjølvstyr. Nokon foreldre orkar ikkje meir og har gitt opp. Samarbeidet med skulen går i stå. I staden for å sjølve ta ansvar legg dei alt ansvar over på skulen. Dermed har dei nokon å leggje skulda på, og kan klage til statsforvaltaren etter den berømte paragraf 9A i opplæringslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar fjerde lærar i grunnskulen opplever vald og trugsmål, og lærarane er dermed på toppen av statistikken over valdsoffer. Skulen er så makteslaus at det er på tale med sjølvforsvarskurs for lærarar. Lærarane treng hjelp. Kanskje tettare samarbeid med helsesjukepleiar, miljøarbeidarar, sosialpedagog og med barnevern og politi og andre er ein veg å gå for at ein lærar kan få vera det han eigentleg er, ein autoritativ person og den sjølvsagde leiaren i klassa.

Dette er ikkje eit einsidig skuleproblem, men eit djuptgripande samfunnsproblem som gode krefter må gå saman om å løyse, på både kort og lang sikt.