Ukraina. (Områda landet ikkje lenger hadde kontroll over Desember 2014 er markert med lysegrønt.)

Utan gode idear vil det framleis vere krig i Europa

For eitt år sidan skreiv me: «Det er krig i Europa endå ein gong».

Me skreiv at det var krig i verdas mest moderne og opplyste verdsdel. I hjørnet der me trudde tankegodset, kunnskapsnivået og styringssystema var så velutvikla at krig var eit aldeles avleggs alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har me sett at det ikkje er slik. Europa er ikkje berre ei samling av liberale, fredselskande og demokratiske land. Og som for snart hundre år sidan; det skal framleis ikkje meir til enn ein diktator på ville vegar for å endre dette biletet.

Den russiske leiaren valde for eitt år sidan å starte ein krig, som korkje han sjølv eller andre i dag ser enden på. Me har å gjere med ein leiar, som ser bort ifrå alt anna enn sine eigne spelereglar. Som har støtte frå eit voldeleg maktapparat og passive politikarar, og som har sett befolkninga i ein situasjon der dei knapt vågar å tenke sjølv.

Resultatet er katastrofe for folket i Ukraina, og tragedie for russiske ungdommar, som også har fortent eit betre liv. Krigen er også livsfarleg for Europa, og for resten av verda.

Me har sett skyttargravskrig i Europa før. Den gongen heitte spøkelset i skåpet gassangrep. No er det taktiske atomvåpen som er skrifta på veggen. Det er lite i utviklinga langs fronten, eller mellom landa, som skil seg frå den klassiske oppskrifta på kjernefysisk dommedag.

Finst det ein flik av håp i denne tragedien? Me ser lite av den slags. Rett nok står NATO og EU meir samla enn nokon gong. Det er semje om at Ukraina skal vinne krigen, og at landet skal få våpenhjelpa som må til for å klare dette. Me ser ingen veg utanom, men for kvar gong det smell, handlar det om død, lemlestingar og tap av verdiar for millionar.

Me sluttar oss til det allmenne kravet om meir våpen. Men rundt årsdagen for starten på ein krig, må det vera lov å ha to tankar i hovudet samtidig. Difor vågar me spørsmålet. Kvar er dei verkeleg gode ideane? Dei som skapar fred og forsoning. Tillit og respekt. Det er desse ideane Europa trass alt er kjent for. Det er desse tankane me har dyrka etter 1945.

Det er også verd å ta med seg at freden i 1945 kom etter at Tyskland i praksis var tom for ressursar. Nazi-regimet tapte den industrielle krigen, etter at USA kom med på alliert side.

Denne gongen er det ingen av partane som går tom. Begge partar har industriell produksjonskapasitet til å halde på tragisk lenge. Det er endå ein grunn til å etterlyse dei gode ideane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Det er krig i Europa, enno ein gong
Les også
Kva har Vladimir Putin å tape?
Les også
Dystre utsikter