Ufrivillig omstart for Hemsedal Turisttrafikklag

Startskotet gjekk då SkiStar bestemte seg for å redusere medlemsbidraget til Hemsedal Turisttrafikklag (HTTL) med 35 prosent. Neste steg var at styreleiar i HTTL, Jan Erik Dietrichson dukka opp i formannskapet, og bad kommunen kjøpe fleire tenester frå HTTL slik at deler av tapet kunne dekkast inn.

Oppskrifta til løysing som styreleiaren kom med, er ikkje uvanleg. Det er mange som meiner det offentlege må yte meir til sektoren dei representerer. Fyrste bod for å nå fram med slike bøner, er å velje eit tidspunkt, som ikkje er direkte umusikalsk. Andre bod er å gjere heimeleksa si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styreleiaren var ikkje heilt heldig med nokon av punkta ovanfor. Det synte både debatten, og utfallet, då kommunestyret i Hemsedal hadde pengeknipa i Hemsedal Turisttrafikklag (HTTL) som tema i budsjettmøtet onsdag før jul.

Mette Eggen Krag frå SV, hadde gjort heimeleksa si. Partiet hennar ynskjer framleis å støtte turisttrafikklaget, og har tidlegare gått inn for å auke støtta til laget neste år. Men i staden for å gå på autopilot, har partiet bede om å få vite meir, mellom anna kven dei 128 medlemsbedriftene i HTTL er.

Les også
Frys pengestøtta for å halde selskapet flytande: – Me skal vite kva me kjøper og kva me betaler for

Turisttrafikklaget har til no ikkje ynskt å svare på kven som er medlemmer. Laget ynskjer offentleg støtte, men vil elles vere i fred med sitt.

Mangelen på gehør, går her, etter vårt syn, litt over i det parodiske. Å meine på ramme alvor at det offentlege skal gi støtte til ein næringsorganisasjon med hemmeleg medlemsliste er naivt.

Kanskje finn me også her noko av grunnlaget for langvarige påstandar om mangel på organisasjonsdemokrati i laget. Det er rett at dei tillitsvalde i HTTL er vald på demokratisk vis. Men å tru at organisasjonsdemokrati ikkje er meir enn val av tillitsvalde, er svært gamalmodig.

Under debatten kom det også fram uklarheit om korvidt kommunen er medlem i HTTL. Fyrst like før avstemminga kunne dagleg leiar i HTTL, Richard Taraldsen, opplyse at dette ikkje er tilfelle.

Den politiske velviljen overfor Hemsedal Turisttrafikklag er likevel stor. Eit stort fleirtal valde å oppretthalde det kommunale bidraget på dagens nivå.

I tillegg vil fleirtalet ha forhandla fram ny avtale om kommunens kjøp av tenester frå HTTL. Tenestene skal vere konkrete, og spegle identiteten og kulturen i Hemsedal. Signalet var også at selskapet skal vere ope, og ha medlemsdemokrati.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal kommunestyre har etter vårt syn handtert denne saka både vaksent og seriøst. Me meiner også at det ikkje var nokon veg utanom.

Les også
Krisa i HTTL: – Det hastar med ei samling i botn. Det som skjer no, er at ein del medlemmer går ut bakdøra og melder seg ut