Trygve Gulbranssen på ei av forretningsreisene hans.

Trygve Gulbranssen og trilogien om Bjørndalsfolket

Trygve Gulbranssen var fødd i Kristiania i 1894 og gjekk ut av tida i 1962. Han er ein av dei norske forfattarane som har seld mest i si samtid både i inn – og utland.

Romantrilogien vart oversett til over 30 språk på 1900 – talet, og selde til saman respektable tolv millionar eksemplar. Bøkene var populære i utlandet. I Norge var kritikken blanda. Så lenge salet var lågt var kritikarane lågmælte, med då salet passerte millionen braut det ut eit lurveleven.

Han vart skulda for grov og overflatisk personteikning, sterk forskjønning og romantisering av hovudpersonane. Men autentisiteten i skildringane og den drivande gode forteljarevna kunne ingen ta frå forfattaren, som likevel tok seg så nær av kritikken at det enda med at han la ned pennen for godt, trass i sterke oppmodingar frå store utanlandske forlag om fleire bøker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den robuste forfattaren som var aktiv idrettsutøvar, og hadde verv innan idretten, viste seg å vere det folk minst av alt hadde venta. Han var ømskinna.

Handlinga.

Romantrilogien omfattar følgjande bøker: «Og bakom synger skogene», «Det blåser frå Dauingfjell» og «Ingen vei går utenom». Forfattaren som har vore svært interessert i historie, har openbart henta inspirasjon i besteforeldra si skogsbygd i oppveksten, og han må ha hatt ei uvanleg sterk interesse for livet bøndene på Austlandet levde i gamletida. Vidare vart han sterkt inspirert av mora, som fortalde historier og overleveringar frå gamletida på ein måte som sette seg fast i forfattaren, og seinare i livet slo ut i full blomst.

Oppbyggeleg

Jens Dinesen Jersins «Tvende Opbyggelige Skrifter» var ei bok han kom over ein gong familien stod på flyttefot. Ei 150 år gamal utgåve som tippoldefar Ole Christophersen Bjørnebeck hadde hatt i sit eige, og der han hadde teikna ned namn og personalia på innsida av permane, i samsvar med datidas skikk.

Inspirert av denne boka byrja Trygve Gulbranssen å intervjue mor si om slekt og forfedre. På dette fundamentet bygde han romanfiksjonen om Bjørndalsfolket med gard og grend.

Skogen

Med bøkene «Og bakom synger skogene», «Det blåser frå Dauingfjell» og «Ingen vei går utenom» ville Gulbranssen i dag blitt karakterisert som ein motstraums forfattar.

Forteljestilen er romantisk på grensa til det banale, og har ein klar kristen – humanistisk tendens. Kulturstraumane i tida var dominert av kulturradikalisme og nihilisme.

Gulbranssens agenda var ansvar, samhaldet i familien, personlege kampar og manns plikt til alltid å kjempe seg opp og fram, trass i tilbakefall til maktbrunst, pengebegjær og kjødets lyster.

Sjølv om hovudpersonane er slektens menn, vel dei seg ikkje nikkedokker til kvinner. Tvert imot er kvinnene teikna med skarp og tydeleg penn, og dei er mektige og dominante innan sitt univers, med stor påverknad på sine menn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøskildringane er teikna med sikker hand, og lesaren trur på romanfigurane som har sitt liv og virke innan det universet Gulbranssen har skapt for dei. Gulbranssens skriveklo driv teksten med medrivande intensitet, og dette er bøker det er vanskeleg å legge frå seg. Forfattarens forteljekunst plasserer han i bås med dei store forteljarane i verdenslitteraturen.

Tyskland.

Gulbranssen var utsett for stort press frå dei tyske okkupantane, men endte opp med aktiv motstand mot det tyske naziregimet og Nasjonal Samling, trass i at han vart utsett for ein til tider intens personleg påverknad. Etter krigen vart bøkene filmatisert, og Tyskland hadde regien. I 1959 kom filmen «Und ewig singen die wälder», og seinare oppfølgjaren «Das erbe von Bjørndal». Titlane var identiske med 1930 – talets tyske bokutgåver i to bind, noko som gjorde det rimeleg enkelt å bygge vidare på Gullbranssens suksess som forfattar i Tyskland.