Rådyr i djup snø på Golsfjellet.

Tek det aldri slutt?

Denne veka vart eit rådyr herja med og skambite av ein laushund rett framfor bygdaheimen i Hemsedal. Huskyen jaga to dyr og begge måtte avlivast. Det er vondt å tenkje på kor mykje dyra må ha lidt i møtet med hunden.

Leiar i viltnemnda i bygda, Runar Bjøberg kommenterer saka i svært direkte ordelag. Det har han all grunn til. Slikt skal ikkje skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lovverket som regulerer handtering av hund er også klart: Hundelova seier klart at hundar berre kan vere lause når dei blir fylgd eller kontrollert på ein aktsam måte, eller når dei er forsvarleg inngjerda på ein stad som ikkje er open for alminneleg ferdsel. Den som held ein hund i band, skal vere i stand til å ha kontroll med hunden.

Les også
Skambeit og herja med rådyr: – Eg vil seie det rett ut, det finst medisin for slike hundar!

Hallingdølen skriv diverre jamleg om dyretragediar der hund er involvert. Svært ofte er forklaringa frå hundeeigaren at det var eit uhell, og at hunden har «kome» seg laus. Dette handlar ikkje om uhell. Det handlar om for dårleg sikring frå hundeeigaren si side. Eller enno verre; hunden er medvite sleppt laus, så den skal få «springe litt». Dessutan er hunden «så snill, så», og gjer ikkje noko gale. Eigaren gløymer at dette er dyr med instinkt.

Hundelova er ikkje det einaste som regulerer bruken av hund i ut- og innmark. Reglane for bandtvang kjem i tillegg. Det er bandtvang i Norge frå april til 20. august. I tillegg kjem kommunale reglar som utvidar tidsrommet. Vidare har kommunane skjerpa reglar for ulike formål. Desse spenner frå tettstader og buområde til preparerte skiløyper og anna.

I tillegg til dyretragediane handlar konfliktane rundt hundehald svært ofte om handteringa av hund i skiløypene. Ofte blir forklaringa at hundeeigaren ikkje er kjent med dei lokale reglane.

Til det er å seie at det er sjølvsagt å setje set inn i reglane for bruk av hund lokalt. Det er heller ingen tvil om at dei fleste hundeeigarar gjer dette. Dei kan reglane, følger dei og tek hensyn i møtet med andre som ferdast ute.

Det er fåtalet som skaper både overskrifter i media og irritasjon langs vegar og i løyper. Det er også desse som i blant blir skyld i at ville dyr blir jaga, skadd eller lid ein pinsam død. Me har sagt det før, men seier det på nytt: Ta ansvar, hald hunden din i band. Reglane er der ikkje for moro skuld.