Listetoppar frå åtte parti møtte til valdebatten i Hemsedal. Frå v.: Tor Grøthe (Frp), Inge Bertram Wahl (SV), Pål Rørby (Sp), Janne Brøndbo (Ap), Steinar Bleken (V), Helge Hafsås (KrF), Richard Taraldsen (H) og Petter Owesen (Hbl).

Takk for at du stemte også denne gongen

Resultata frå valet i går, er no i hovudsak klare. Det same gjeld valdeltakinga. For kommunane i øvre Buskerud ligg den i snitt på 65 prosent. Om lag som landsgjennomsnittet.

Deltakinga er til vanleg noko mindre ved stortingsval. Sist var det 77,2 av oss som nytta retten til å vere med på å sende folk opp Løvebakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge tala er uansett gode tal. Ser me på verdsbasis er det knalltal.

Valdeltakinga skuldast fleire faktorar. Me har frie val, og ei valordning som har full tillit i befolkninga. Me har ein partiflora som gjer oss noko å velje i. Og me har velutdanna veljarar, som fylgjer med, og gjer opplyste og kritiske val.

Det er lett å finne land i verda der det ikkje er heilt slik. Ei sak er utviklingsland og diktatur. Men også førebiletet som mange av oss vaks opp med, USA, har teke til å halte.

På valdagen publiserte Aftenposten frå ein artikkel statsvitaren Jonas Stein som hadde vore i USA med kollegaer frå heile verda. Dei var lettare i sjokk.

Ei sak er dei store forskjellane, med synkande levealder for dei som er dårlegast stilt. Ei anna er den velkjende polariseringa mellom to parti. Det er eit samfunn, som går seg meir og meir fast i politiske skyttargraver.

Valdeltakinga, målt etter kor mange som kan registrere seg som veljarar og delta, er også betydeleg lågare enn i Norge.

Forskaren meiner ei av årsakene til at det går skeis, er at lokale media har forsvunne. Nasjonale kanalar, med knallharde standpunkt til fordel for den eine av sidene har overteke.

Utan lokale media mistar lokalsamfunna arenaen for debatt og kunnskap om det som skjer lokalt. I tillegg blir den kritiske journalistikken om kva offentlege, og private, makthavarar syslar med borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskaren minner oss om at lokalstyret er grunnmuren i demokratiet. Han oppmodar oss til å bevare dette, ved å delta ved val, og ved å fylgje med i debatten.

Han ber folk bruke lokalavisene i arbeidet med å halde høg standard på lokaldemokratiet. Det set me pris på.

Før valet i år har Hallingdølen freista å mobilisere etter beste evne. Oppskrifta har vore kritiske journalistiske artiklar, dusinvis av lesarbrev og ikkje minst seks folkemøte i Hallingdal

Debattane samla i alt 670 som møtte opp fysisk i salar rundt om i dalen. Sendingane på nettet fekk 40.000 visningar i og utanfor dalen. Lokalt fordeler desse seg slik: Flå: 4637 visningar, Nesbyen: 10.180 visningar, Gol: 9169 visningar, Hemsedal: 5635 visningar, Hol: 5239 visningar og Ål: 4571 visningar.

Me veit ikkje om dette førte fleire til vallokala. Men me legg ikkje skjul på at dette var målet.