Ta det med ro, ver utkvild og ikkje minst rusfri

Til no i år er 51 menneske drepne i trafikken her i landet. Talet er det same som for fjoråret. Av dei omkomne var 36 menn og 13 kvinner. For motorsyklistane, syner tala 13 omkomne til no i år. Dette er langt over fjorårets åtte, men på line med 2022.

Ser me på heilårstala for dei siste åra så omkom 110 personar i trafikken i 2023. Det siste «gode» året var 2021 med 80 drepne. Ser me på åra 2017-2019 så omkom 106-108 personar i trafikken. Det siste verkeleg dystre året, var 2016, då heile 135 menneske omkom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me skal ikkje lengre attende enn til 2013, for å finne 187 drepne. Berre nokre få år tidlegare, for drygt 15 år sidan, i 2008, var det 255 som omkom.

Sommaren er alltid verst. Ei av tre dødsulykker skjer i sommarmånadene juni, juli og august. Gjennomsnittet er om lag 50 drepne. Me håpar dette ikkje slår til. Då risikerer me at årstala endar med auke. Og like ille; at me kjem opp i om lag 2000 menneske som blir skada i trafikken i desse månadene.

Det nasjonale målet for trafikktryggleiken er at Norge skal ha færre enn 350 drepne og hardt skada i trafikken innan 2030. Ifylgje Trygg Trafikk, ligg me bak dette målet.

Samtidig er Norge ei rekke gonger kåra til det mest trafikksikre landet i Europa. Med 21 dødsfall per million innbyggarar, ligg me langt framom EU-gjennomsnittet, som er 46 dødsfall per million innbyggarar.

Dei norske tala gir difor rom for håp. Me er gode, og kan bli endå betre. Ikkje minst dersom me ser attende til 1990. For berre om lag 25 år sidan var talet 334 omkomne. Målt mot dagens tal, syner dette at arbeidet som blir gjort med trafikksikring her i landet nyttar.

Sikring av trafikken er todelt. Det eine feltet er betre vegar, betre køyretøy og andre tekniske tiltak. Slikt tek tid, og blir styrt av andre enn oss sjølve.

Det neste feltet handlar om kva me kan gjere sjølve - i dag. Allereie på neste tur, kan me vera meir medvitne om risikoen knytt til å ferdast på vegane. Me kan velje å køyre meir defensivt, og respektere både fartsgrensene og andre trafikantar. Ikkje minst kan me velje å ikkje gå i «fiklefella», som den moderne elektronikken i bilane utgjer.

Ei av årsakene til sommarulykker, kan vere at me er ute på ukjende vegar, til uvande tider. I tillegg køyrer me gjerne lengre turar enn me er vane med, og trafikkmengda på svingete fylkes- og riksvegar, er også langt større enn elles i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt dette er gode grunnar til å ta det med ro, vera utkvild og ikkje minst vera rusfri. Bestem deg for å vere både blid og tolmodig. Hald god avstand til trafikken framom, og la andre få god plass i trafikkbiletet.

Det er faktisk mykje som er gratis i trafikken. Momenta ovanfor, og fleire til, er gratis trafikksikringstiltak, som garantert verkar positivt frå fyrste stund.