Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fekk ikkje gjennomslag for å stoppe fellesprosjektet Ringeriksbanen og splitte det opp i veg og bane. Men Ap og SV er samde om å inndra 900 millionar av milliarden førre regjering sette av i driftskreditt til Ringeriksbanen og Nye Veier.

SV vann fram - held draumen om Ringeriksbanen levande

SV nådde fram i forhandlingane med regjeringspartia. Ringeriksbanen/E16 blir ikkje splitta opp, men vidareført som fellesprosjekt.

Avgjerda er ein viktig siger for alle som kjempar for Ringeriksbanen og ei framtidig nedkorting av reisetida mellom Oslo og Bergen. Iallfall ein fyrste siger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna utfall ville vore katastrofe. Debatten den siste månaden har avdekt stor uvisse viss prosjektet vart splitta opp. For Arbeiderpartiets truverd var vedtaket heilt nødvendig.

Me har vore vitne til ein samferdselsminister som har kome med mangelfulle opplysningar i Stortinget. Han har ikkje sagt at fagetaten frårår ei oppsplitting. Han har ikkje sagt at ei oppsplitting betyr ei dyrare løysing. Han har ikkje sagt at oppsplitting vil føre til store praktiske ulemper for nærmiljøet.

Statsråd Jon-Ivar Nygård (Ap) har hevda at fordelen med fellesprosjektet var mindre enn rekna med, men gav opp å legge fram tal som underbygde det. Hallingdølen har avdekt at forventningane er innfridd, prosjektet er tilført ekstra vegstrekning innanfor kostnadsramma på 36 milliardar, slik oppdraget frå Samferdselsdepartementet var.

Regjeringa stod att med eitt argument: Prosjektet er for dyrt i den økonomiske situasjonen landet er i no.

Viss dette argumentet skulle bestemt, var forslaget om oppsplitting ei total kortslutning. Korleis kan ein forsvare å gå for ein dyrare modell, med argument om at ein ikkje har råd?

Det var ikkje berre Forum Nye Bergensbanen som frykta skrinlegging av banen viss prosjektet vart splitta opp. Også i Bane NOR var ein fortvilt. Alt tyder på at ny veg, og skrinlegging av Ringeriksbanen, slik Nygård bestilte ei utgreiing av 6. april, ville blitt resultatet.

Tilbake hadde Hønefoss sete tomhendt og lurt etter å ha investert tre milliardar kroner i infrastruktur, og med ei ambisiøs byplanlegging basert på Ringeriksbanen. Draumen om ein framtidig togtur Oslo-Bergen på fire timar ville vore tapt.

No lever håpet om Ringeriksbanen vidare. Men kampen er ikkje over. Jon-Ivar Nygård har med sine signal synt at dette ikkje er eit prosjekt han brenn for. Det er også grunn til å merke seg at regjeringa og SV er samde om å inndra 900 millionar av milliarden som den førre regjeringa sette av i driftskreditt til Ringeriksbanen og Nye Veier. Det er ikkje eit godt signal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det ligg heller ikkje noko forpliktande i formuleringa om at regjeringa skal «vurdere fremdriften og den økonomiske bærekraften i prosjektet frem mot ny NTP». Kva betyr eigentleg det? Kampen for Ringeriksbanen er på ingen måte over.