Det er rekrutteringskrise i bussjåføryrket. – Utan pensjonistane hadde me ikkje klarte det, seier Kjell Kleven (f.v.), teamleiar i Vy Ål/Geilo. Her saman med verneombod Terje Asgrimplass og Birger Jorde, teamleiar Vy Hemsedal/Nesbyen.

Stort ansvar = betre løn

Bussjåførar ser dessverre ut til å vere ein utdøyande rase. I Hallingdal er snittalderen på sjåførar langt over 60 år. Nyleg slo lokale bussjåførar i Hallingdal alarm: Vy har trøbbel med å levere dei tenestene dei skal, dei manglar rett og slett folk som kan og vil sitje bak rattet.

Slik er det over heile landet. For å få hjula på bussen til å rulle, er selskapa rett og slett avhengige av pensjonistane. Dei er til god hjelp, og heilt avgjerande for at rutene går som dei skal. Men når dei passerer 75 år, får dei ikkje lenger fornya køyresetelen. Då må dei setje girspaken i nøytral posisjon og dra på brekket for godt, om dei vil eller ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bransjen trenger sårt rekruttering. Dei må greie å lokke sjåfør-spirer til å ta plass i førarsetet i ein buss i staden for ein lastebil. Dette er ikkje enkelt; og det er vanskeleg å setje fingeren på kvifor arbeidstakarar vel andre tunge køyretøy framfor bussen. Men me har nokre idear.

Me kjem ikkje unna at mykje handlar om løn. Løna må kome opp på eit anstendig nivå. Dei som skal velje seg yrkesveg i dag, skjelar sjølvsagt til kor mykje dei vil få betalt. Nyleg kom bussjåførane ut av lønsoppgjeret med 25.000 meir i året, eit greitt resultat i eit mellomoppgjer. Problemet er likevel at dei har sakka akterut. Då bussbransjeavtalen kom i si tid, var målet at bussjåførar skulle ha løn på linje med gjennomsnittleg industriarbeidarløn. Der er det framleis eit solid gap å tette.

Så er det arbeidstida. Mange bussjåførar går på delt skift. Dei køyrer ei rute på morgonen, så har dei fleire timar fri før dei skal køyre ei ny rute på ettermiddagen. Tidlegare var løysinga ypparleg for bønder som dreiv gard, og kunne fylle timane midt på dagen med noko nyttig. Det er det langt mindre av i dag. Bransjen må gjere noko med dei ubekveme arbeidstidene, og sørge for at dei som blir tilsett får 100 prosent stilling og ordna forhold.

Det er vanskeleg å forstå kvifor vilkåra for bussjåførane, som gjer ein så viktig jobb, skal vere så dårlege. Ein lokførar eller ein pilot har langt høgare lønn, betre arbeidstid og meir tryggleik. Men alle gjer jo den same jobben: Dei fraktar passasjerar.

Ansvaret dei har, er like stort. Neste års hovudoppgjer bør sende sjåførane endå eit langt steg nærmare det lønsnivået dei fortener og bør ligge på.