Solcellepanela på taket til Gol Helsetun er eitt av energitiltaka Gol kommune har gjennomført.

Storstilt energisparing som verkeleg monnar

Gol kommune starta i 2014 arbeidet med å sjå på korleis ein kunne få ned energibruken i dei kommunale bygga. Tiltaka som skulle løyse ut denne innsparinga vart påbegynt to år etter. Fasiten så langt er ein nedgang i straumbruken på over 46 prosent.

Det betyr at målet som vart sett for prosessen vart nådd med svært god margin. Kommunen hadde sett ei realistisk målsetting på 38,2 prosent. I kilowattimar betyr det som er oppnådd ei innsparing på om lag 2,4 millionar kWh i året. Det er tilsvarar forbruket til om lag 120 husstandar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sparinga i Gol handlar mykje om store bygg. Berre samfunnshuset står for om lag ein tredjedel av innsparinga. Arbeidet er konsentrert om 18 bygningar. Det er gjennomført i alt 71 tiltak i desse. Endringane som er gjort spenner frå etterisolering og varmestyring, til boring etter grunnvarme og montering av solcellepanel.

Også sparing kostar. Prosjektet har kosta kommunen rett i underkant av seks millionar kroner. Sparinga vart opphavleg rekna opp mot prisen kommunen betaler for eigen konsesjonskraft. Denne låg ved starten på 11 øre per kilowattime.

Målt mot denne utgjer innsparinga berre 260.000 kroner i året. Men når den innsparte krafta i dag kan seljast for det mangedobbelte, seier det seg sjølv at golingane har vore heldig med tidspunktet for spareprosessen.

Gol kommune skal ha ros for å ha sett framover, og gjennomført dette prosjektet. Prosessen syner at når bygga er store, er også potensialet for innsparing stort. Den økonomiske plussida blir difor svært solid. Såpass tunge innsparingar gjer det også forsvarleg å bruke solide beløp på planlegging og rådgjeving.

Det er ei kjent sak at det også er gode pengar å hente ved ENØK-tiltak i privathus. Mange er godt i gang med dette, men det er enno fleire som ventar. Det er ikkje rart. Målt opp mot kostnadene er marginane for innsparing naturleg nok mindre. I mange tilfelle så små at reale støtteordningar er einaste vegen å gå for å få fart på arbeidet.