Store utgifter og tvilsam miljøgevinst

Utgifter på mellom ein halv og halvannan million kroner kan bli realitet for eigarane av inntil 65 prosent av husa i Norge. Eit direktiv om energieffektivisering av bustader er neste trinn i tilpassinga til EU. Hvis Norge ikkje nyttar vetoretten, er det truleg berre hus bygd etter 2010, som går heilt klar.

Dersom Regjeringa og Stortinget går inn for dette, vil alle ståande hus bli vurdert etter kva energiklasse dei tilhøyrer. Det er ulike fristar for oppgradering til dei ulike klassane, og dei fyrste krava slår inn frå 2030. Det seier seg sjølv at eldre romslege hus vil bli møtt med svært omfattande krav til utbetringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Finansavisen, som nyleg gjorde direktivet kjent. Organisasjonen Huseierene var raskt ute med dei fyrste berekningane av kva det heile vil koste.

Det politiske ordskiftet om saka har berre så vidt kome i gang. Senterpartiets Ole André Myhrvold har allereie avvist forslaget overfor Nationen. Han har nok veljarar med store gardshus i tankane når han meiner Norge må nytte vetoretten som ligg i EØS-avtalen.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) kjenner seg på si side ikkje att i dei pessimistiske berekningane som er gjort. Han seier til NRK at tilpassinga vil handle om; «installering av en varmepumpe, eller noe i den retning».

EU-entusiasten Espen Barth Eide tek mest truleg feil i denne saka. Det krevst berre minimal byggeteknisk innsikt, for å skjøne at dette handlar om langt meir enn varmepumper. Vel er desse ein del av løysinga. Men å tilpasse gamle hus til nye strenge krav, er meir omfattande enn som så.

Det er liten tvil om at energisparing tvingar seg fram. Bustadane legg beslag på 36 prosent av energien som blir produsert. Det er dermed klart at det kan gjerast grep i bygningsmassen, som samanlagt sparar inn mykje energi. Men i denne samanhengen nyttar det ikkje berre å sjå på energiforbruket ved oppvarming. Energi- og ressursbruken knytt til oppgraderingar, er også viktig.

Oppgradering av eit eldre hus, vil alltid ha eit element av bruk og kast ved seg. Ein fjerdedel av bygningsavfallet, som blir produsert kvart år, kjem frå rehabilitering av bygg. Alt nytt som må til ved ei oppgradering, skal både produserast, fraktast og setjast på plass. Heile denne kjeda krev både energi og naturressursar.

Det er difor stor fare for at Stortinget heller barnet ut med badevatnet, dersom ein innfører eit EØS/EU direktiv som er alt for rigid for norsk klima. Før ein krev store omkalfatringar av eldre romslege hus, er det ein ting ein må ha med seg. I mange tilfelle er det mest ressursvennlege huset eitt som allereie er bygd, og som får stå i fred og gjera jobben sin.