Store sjansar for hard pakke denne gongen

Denne jula har også far ein fair sjanse for å finne ei hard pakke under juletreet. Krigsdokumentaren «Okkupert» av Magnus Lindahl er selt i om lag 1000 eksemplar, og nye er allereie ute av trykkeriet.

Gode bøker med spennande lokalhistorie, er alltid ein vinnar på bokmarknaden. Ikkje minst dei som veit lite om krigstida har mykje å hente i denne boka. Slik sett er dette også truleg årets viktigaste lokale utgjeving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åra 1940-45 er spennande også for dei som har eigne minne, og for dei som har høyrt mykje om krigen. Forfattaren frå Nesbyen har synt at det framleis finst historier som ikkje er fortalt om desse dramatiske åra.

Bokhausten i Hallingdal, er meir enn bestseljaren om krigen. Årets utgåve er botnsolid. Heile 51 bøker er rekord. Aldri har den årlege registreringa som Hallingdølen gjer, omfatta fleire bøker med lokal tilknyting til dalføret.

Med lokalt, meiner me bøker der forfattar, innhald, boksmed, eller illustratør har ei tilknyting til Hallingdal, nær eller fjern. Me er rause, men noterer med glede at i år er det er mange med ei verkeleg nær tilknyting.

Les også
Boka flyg ut av hyllene: – Eg trur det blir mange som vil finne denne under juletreet i år

Øvst i dalen kan me også notere oss at 2023 er Hol historielag sitt år. Laget er Hallingdals største og mest aktive forlag.

Utgjevingane omfattar både kalendrar, årbøker, rutebilsoge og alpinsoge om Geilo. For ikkje å snakke om det nye storverket om fjell og stølar i Hol. I tillegg har dei bøker som må stå over til neste år. Det er eit svært rosverdig arbeid som blir utført.

Det store tilbodet av bøker borgar også for ei variert tilnærming til kjøparane. Me finn alt frå barnebøker, romanar og feelgood-bøker, til bøker om kokkelering, strikking og ulikt om saum, for å nemne noko.

Les også
Forfattar i ny bok: – Utan alpint hadde ikkje bygda vore det den er no. Det er livsnerven

Fagbøker er også representert. Ole Mathismoen, frå Nesbyen, skriv om miljø-og klimaproblematikk både i fagboka «Eg er dyret» og i «Det ville Norge». Sistnemnde er mynta på dei yngre lesarane. I fag-kategorien finn me også ein annan nesning, Sondre Lindahl med boka «Kampen mot terrorisme».

Kjentfolk finn me også. Kjetil Østli, som vaks opp på Gol, er på marknaden med «Haakon: Historier om en tronarving». Skal det vera kjentfolk, er det like greitt å halde seg på øvste hylle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er all grunn til å glede bokhyllene med noko nytt denne jula.