Støre fortener eit breitt forlik om Ukraina-støtte

Krigen i Ukraina pågår no inne i det tredje året. Fronten dekker ein distanse om lag frå Oslo til Bodø. Russland har fleire soldatar enn Ukraina. Forsvararane har til inntil nyleg kompensert med betre våpen og betre organisering. Mangel på både tradisjonell artilleriammunisjon og avansert luftvern har den siste tida gjort det lettare for den talmessig overlegne russiske hæren å ta meir land.

Politisk var det frå starten lett å samle våpenstøtte til Ukraina. Dei vestlege landa hadde lagre å ta av, og begeistringa for kampen mot invasjonsmakta var stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

No verer statsminister Jonas Gahr Støre at det er risiko for ein annan stemning. Denne veka gjekk han ut i Aftenposten og fortalde om si bekymring for krigen. Ei sak er å oppretthalde sympatien for kampen Ukrainarane fører. Ei anna sak er å finansiere ei uforbehalden støtte til krigføringa i den norske befolkninga.

Statsministeren er klar på at krigen vil kunne vare lenge, og at den vil bli betydeleg meir kostbar enn det me har sett til no. Berre i år vil det han kallar Ukraina-relaterte utgifter bli på meir enn 50 milliardar kroner. Auken i forsvarsbudsjettet kjem i tillegg.

Les også
Deilig er jorda?

Støre varslar at krigen vil setje sitt preg på framlegget til revidert nasjonalbudsjett i mai. Han legg ikkje skjul på at dette krev prioriteringar, også i eit Norge som eigentleg er godt stilt økonomisk, samanlikna med andre europeiske land. Statsministeren håper på tverrpolitisk støtte i Stortinget, og arbeidet med dette er no i gang.

Som leiar for Arbeiderpartiet veit Jonas Gahr Støre meir enn nokon annan at prioriteringane som no må gjerast vil kunne ramme løftet om at folk skal få betre råd. Uansett om løyvingane til Ukraina er forankra i heile Stortinget, så vil det også vera den sitjande regjeringa som må møte misnøya dette skaper. Politikk er ikkje takknemleg, og det vil vera eit politisk mirakel om ikkje den borgarlege sida utnyttar klaginga som måte koma.

Her rører politikken innanlands ved noko av kjernen i styrkeforholdet mellom aust og vest i denne konflikten. Mangelen på uthaldenheit i vesten er eit av Vladimir Putins trumfkort på heimebane. Han reknar med at støtta til Ukraina vil smuldre opp når mette vestlege skattebetalarar får den store rekninga på bordet. Sjølv styrer han, med hard hand, ein befolkning som er vane med atskilleg hardare levekår, enn det me har sett i vesten dei siste femti åra.

Dette er noko av det Jonas Gahr Støre vil ha fram når han no har gått ut og snakka om budsjett og kostnader knytt til krigen. Han uttaler seg som vanleg diplomatisk, men skjuler ikkje at noko må ofrast. Auka kjøpekraft er framleis eit sentralt mål for Arbeiderpartiet, men stilt opp mot aggresjon frå aust, så trur me Jonas Gahr Støre vil vere klar på at det er fridomen han prioriterer. Dette freistar han no å formidle til ein mett og skattetrøytt norsk befolkning.

Les også
Tek heile Europa som gissel