Arkivbilete.

Staggar ikkje misnøyen

Straumstøtta skal bereknast ut ifrå kraftprisen frå time til time. Det skal gjevast støtte også om sommaren. For næringslivet er det lite å hente.

Justeringane regjeringa la fram torsdag, betyr ei betring for hushaldningane. Kor mykje den vil slå ut er det ikkje semje om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftselskapet Elvia, tidlegare Hafslund Nett, anslår at ein snittkunde vil få 50-60 kroner meir i månaden i støtte. Regjeringa på si side meiner endringa vil monne godt, spesielt i månader med store svingingar i kraftprisen.

Det store spørsmålet for regjeringa, er om utspelet er nok til å stagge kraftopprøret. Prisen på straum ligg no som eit vatteppe over all politisk debatt fram mot kommunevalet.

Me meiner dette ikkje er nok til å dempe presset. Maksimalt 60 øre pr. kilowattime, har lenge vore mantraet i kraftopprøret. Det kravet lever like godt etter pressekonferansen torsdag.

Arbeiderpartiet vil difor framleis oppleve eit formidabelt press i denne saka. Grasrota i LO står sentralt i kampen. Misnøyen innan fagrørsla utgjer truleg ein langt større maktfaktor, enn det opprørarane rundt Trond Giske kan få fram i Trøndelag.

Senterpartiet har det heller ikkje bra. Ordførarar landet rundt, seier seg ikkje fornøgd. Dei hugsar framleis at fossekrafta var arvesølvet, som gjennom ein låg, og stabil, straumpris skulle bidra til vekst i heile landet.

Samtidig er Sp-leiinga i regjeringsbygget utan alternativ. Det hjelper neppe å truge Jonas Gahr Støre med brot. Uansett kven som dannar mindretalsregjering, vil ei ny, og styringsdyktig, utgåve truleg føre den same kraftpolitikken, som den noverande.

Taktikken bak endringane, som no er lagt fram, er å stagge opprøret. Regjeringa håpar på snillare kraftprisar i Europa framover, og at godt sommarvêr skal gjere straumsaka mindre varm.

For dette handlar om noko heilt overordna politisk både for Arbeiderpartiet og Høgre. Kraftpolitikken har vorte EU-tilpassa gjennom enkeltvedtak fordelt over mange år. Misnøyen med utslaga av dette, følger to spor. Det økonomiske, som handlar om prisnivå og inflasjon. Det politiske, som handlar om at me etter at to folkerøystingar enda i nei, har overlate makta over krafta til EU.