Slaget om utmarka

60 innspel er summen, etter at kommuneplanen sin arealdel i Gol har vore ut til høyring. Me veit ikkje om det er rekord, men det me veit er at dei fleste slike planar får langt mindre merksemd enn denne.

Talet på innspel er flott. Det syner at folk engasjerer seg. At dei er opptekne av utviklinga i området der dei bur, eller har hytte. Kort sagt reaksjonane syner at demokratiet lever.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til vanleg kjem reaksjonane på slike planar frå grunneigarar, som vil bygge meir, statsforvaltaren som vil bygge mindre, pluss miljørørsla som vil bygge endå mindre. Det meste har vorte jenka til og godkjent utan særleg støy.

Denne gongen har 50 privatpersonar engasjert seg, anten ved eigne innspel, eller ved å signere på felles merknader.

Innvendingane er knytt til vern av myr, ønsket om å sikre urørt natur og omsynet til vilt for å nemne noko. Planane om skitrekk-samband mellom Bualie og Storefjell, ser ikkje uventa ut, til å bli symbolsaka.

Skitrekket, og ein eventuell strid om dette, kan fort bli ei avsporing. For kokt ned til essensen, så handlar også dette om talet på hytter som skal byggast.

Vinden har snudd litt i hytteverda. Ei side er den økonomiske, med utbyggingsfirma som må avvikle, eller går konkurs. Den andre sida er at mange har endra haldning til det som også har vore omtala som ei hemningslaus utbygging i fjellområda.

Vern av myr er truleg noko av det som det er lettast å samle støtte for. Men også sjølve grunnideen om å bygge ut store areal med vegar, hytter og alt som høyrer til, står ikkje like høgt i kurs lenger.

Skepsisen er lett å forstå. Hyttene er ein del av konsumkulturen vår, og fleire og fleire innser at det er det totale konsumet verda over som skapar miljøutfordringane me slit med.

Samtidig er det slik at me lever av kvarandres konsum i vår del av verda. Handel, handverk, forvaltning og så bortetter, Alt heng saman med alt. Me toler ikkje ein full stopp. Då raknar samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har ønsket om aktivitet og arbeidsplassar i all hovudsak trumfa omsynet til naturen i slike saker. Slik vil det venteleg også vera i tida framover. Men lokalpolitikken blir ikkje truverdig om naturen tapar alle slaga i om utmarka.