Skulen må bergast

Hallingdal Folkehøgskule (HFS) slit med låge elevtal. Situasjonen har vore slik gjennom fleire år, og økonomien er svært anstrengt. Folkehøgskulane er frittståande skular, og inntektene er basert på elevpengar og statleg støtte basert på elevtal.

Skulen har i dag plass til om lag 90 elevar. Med belegg på om lag ein tredel, seier det seg sjølv at økonomien ikkje vil gå rundt særleg lenge. Det er sett i verk fleire tiltak. Mellom anna er lærarstaben redusert gjennom friviljuge ordningar. Tilsette har fått permisjon for å ta anna arbeid. Gol kommune har også lånt ut to millionar for å sikre driftsmidlar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verktøykassa med gode idear er no så tom, at styret ved skulen har innleia drøftingar med Gol kommune om sal av skulebygningane. Ei slik løysing vil frigjere pengar til drift og vidare satsing, men den har sine sider. Den eine er at det å drive i eige hus løyser ut meir i støtte frå staten. Den andre, og meir alvorlege, er kva som skjer når pengane er brukt opp.

Her er me ved kjernen i saka. Uansett kven som eig bygningane må elevtalet opp. Eit alternativ er sjølvsagt å drive ein mindre skule i eit mindre bygg. Men ein folkehøgskule er tradisjonelt avhengig av volum for å vere attraktiv, utan at dette kanskje ikkje står skrive i stein nokon stad.

Skulen på Skaga i Gol tok inn dei fyrste elvane hausten 1958, og starta offisielt året etter. Den vart reist etter ein aksjon der initiativtakarane klarte å trekkje med seg heile dalen. Etableringa skjedde i ei tid då økonomien i samfunnet var atskilleg trongare enn i dag.

Me meiner ein frilynt folkehøgskule framleis vil vera eit verdifullt tilskot til Hallingdal. Me meiner det er ei sak for heile dalen å sjå til at dette tilbodet finst. Rett nok er skulen viktigast for Gol-samfunnet, men det låg romsleg tenking frå heile dalen til grunn då skulen vart etablert.

Det som er openbert er at Hallingdal Folkehøgskule treng ein omstart. Om det skjer med eller utan eigne bygningar er prinsipielt underordna. Men i praksis er det, noko slitne, praktbygget på Skaga ein del av merkevaren. Uansett løysing på husspørsmålet, meiner me Hallingdal må samle seg om denne omstarten, og me meiner den må ta utgangspunkt i tilbodet til elevane.