Skulen er den viktigaste «fabrikken» me har

Denne veka er det regional planleggingsdag for grunnskulen i Hallingdal. Her blir det to tema: Kor viktig det er med leik i opplæringa, og høgt skulefråvær.

Det siste var også tema under Bli sett-konferansen på Storefjell nyleg. Her kom det fram historier om tillitsfull og skulesugen småfant som brått endra karakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

I staden for å rase ivrig ut døra på veg til å treffe klassen blir dei ståande i gangen, på trappa eller andre stader. Skulegangen som skulle vere ei glede, og ein naturleg prosess i livet, stoppar opp.

Skuleproblem blir gjerne assosiert med utagerande og støyande åtferd. Det kan like fort vera motsett. Den stille eleven som held problema inni seg, og dermed går under radaren, kan ha det vel så vanskeleg.

Fyrste bod er uansett å lytte til barnet, og å lytte å barnets premisser. Tvang og skremsler er fåfengt. Heller ikkje premiering der ungen skal få ditt eller datt dersom, han eller ho, går på skulen.

Ikkje noko menneske er meir einsamt enn den som balar åleine med problema sine. Det gjeld også skuleborn. Difor har korkje foreldra eller skulen noko val. Ein må ha respekt for problema og ta tak i dei.

Det høyrer også med at skulegangen no er lengre enn nokon gong. Slikt høyrest bra ut for dei fleste av oss. For den som slit handlar det om å oppleve at ein lang og viktig del av livet går i motvind.

Skulestarten for seksåringane er det ferskaste innslaget. Innføringa lokka med mykje leik, utan at det vart heilt slik. No skal leik vera tema på planleggingsdagen som kjem.

Det er bra. Men det dette handlar ikkje om for eller mot skulestart for seksåringane. Det handlar om innhaldet, og omsorgen, som skal ligge til grunn for eit heilt tiår med grunnskule.

Ikkje minst handlar det om forskjellane. Dei er gigantiske. Kvar unge er ei historie, noko undervisninga skal avspegle. Dette er ei enorm oppgåve. Skulevesenet er då også den største «fabrikken» me har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det finst ingen kvikk fiks på dei ulike problema som elevane slit med. Berre hardt arbeid der alle involverte, på kvart sitt vis, bidreg til å gjere jobben lettare for kvarandre.

Samarbeid, identifisering av problem og handling der alle trekker i same retning må til. Og respekt. Det handlar ikkje om skulevegring, eller eitt av dei andre begrepa som er i vinden.

Alt i skulen handlar om livet til eit ungt menneske.