Hemsil ovanfor Heslabrua i Gol. Hemsil 3 utbygginga vil nytte mykje av energien som me her ser fosse fritt gjennom elveløpet.

Skikkeleg kraftutbygging

Hafslund ECO har teke opp at Hemsil 3 prosjektet. Ny tunnel frå Eikrebekkdammen, og ny kraftstasjon i Gol, kan få byggestart allereie i 2025.

Planane handlar om å bygge halvannan mil med ny tunnel parallelt med den noverande. Det blir ny kraftstasjon ved sida av dagens, og under bygginga blir det nytt liv på steintippane som vart nytta under utbygginga, fram til opninga i 1960.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nye kraftverket skal stå for den daglege kraftproduksjonen. Med moderne maskiner blir det koma meir straum ut av vassføringa, sjølv om fallet er det same. Ved flaum, og god tilgang på vatn vil det gamle kraftverket også blir teke i bruk. Hovuddelen av fallet på 370 meter, går i trykksjakta inne i velkjende Lisbetnuten i Gol.

Utbygginga vil i anleggsperioden gje arbeidsplassar og aktivitet i lokalsamfunnet. Når anlegget står ferdig vil det produsere viktig energi, og gje viktige inntekter til dei berørte kommunane. Med dagens strenge krav til ei slik utbygging, tek me det også for gitt at dei natur- og miljømessige sidene blir tekne godt vare på.

Me håpar difor at når konsesjonen er klar, så er det duka for eit skikkeleg kraftutbyggingsprosjekt sentralt i Hallingdal. For dei mange som framleis hugsar kraftutbygginga gjennom dalen, er dette eit sus av gamle dagar.

Nostalgien knytt til eit stort kraftanlegg er likevel ikkje det viktige her. Det som er viktig er at mange unge gjennom prosjektet vil få nærare kjennskap til kva skattar som ligg gøymt i fjella i vårt distrikt.

Dei fysiske sidene ved kraftanlegg imponer alltid. Me tek det difor for gitt at både utbyggar, og skulevesen nyttar høvet til å bruke prosjektet som informasjons- og undervisningsobjekt.

Det er dei som er unge no, som skal styre bygdene i framtida. Grunnkunnskap om kraftsektoren er alltid verdifullt når verdiane skal forvaltast.

Alt i alt har Hemsil 3 mange gode samfunnsmessige sider.