I over ein time fekk elevane i Flå høyre om kva bedriftene i bygda hadde å fortelje om seg sjølv. Etterpå var det mingling, kor lokale firma hadde ulike aktivitetar.

Skapte ein møteplass som kan bli viktig i framtida

Dei siste par åra har den tradisjonelle yrkesmessa på Storefjell blitt avlyst på grunn av pandemi og strenge retningsliner. Det er synd, for ein møteplass mellom lokalt næringsliv og dei yngste ungdommane er viktig.

I Flå valde dei sist veke å arrangere si eiga yrkesmesse, for bygdas eigne ungdommar. Til saman møtte 25 elevar opp. Me synest initiativet er gulle godt. Elevane var ikkje mange, men dei sette stor pris på eit innblikk i kva det lokale næringslivet har å by på. «Det var mykje eg ikkje visste om arbeidsplassane, og at det er så mange forskjellige yrkesgrupper hjå bedriftene», sa den eine 10.-klassingen Hallingdølen prata med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje enkelt for ein 15-16-åring å vite korleis vegen vidare i livet skal bli. Å velje ein retning på vidaregåande skule er livets første verkeleg store val for dei aller, aller fleste. Mange kjenner på ein nervøsitet for å velje feil. Nokre angrar kanskje såpass mykje at dei bytter linje undervegs i skuleåret - eller skule. Andre har tatt eit val berre for å velje noko - og let seg kanskje styre av kva venene gjer.

Me meiner det er eit godt grep å gjere som Flå. Å vise bygdas ungdom kva heimplassen har å by på om dei ein dag vel å flytte heim, er ein god ballast å ta med seg. Det var nok mange som fekk seg ei lita aha-oppleving under yrkesmessa; at deira «vesle» heimplass har såpass mykje og variert næringsliv. Å halde eit slikt arrangement kan vere ei svært god investering for framtida. Og det krev berre enkle middel.

På nyåret kjem yrkesmessa på Storefjell endeleg i gang att. Det gler me oss til, og håpar næringslivet i Hallingdal nyttar høvet til å vise seg fram. Men me vil likevel oppfordre andre kommunar til å gjere det same som Flå - lag ein kveld for bygdas eigen ungdom, og vis fram kor rikt det mest lokale næringslivet er. Slike møteplassar kan det ikkje bli for mange av.

Kven veit? Kanskje er det med på å skaffe nokre kjærkomne heimflyttarar ein gong i framtida.