Desse damene har drege i gang det nye kvinnenettverket i Hallingdal. Det trur me er eit steg i rett retning. F.v. Heidi Granli, Agnete Berg Sataslåtten, Carina Jorem Olsen, Gunn Eliassen, Maria Grevsgård, Tove Hoftun og Annemiek Friebel.

Sjekk desse tala. Er ikkje dei faktisk ganske pinlege?

Berre ti prosent av alle daglege leiarar i dei 50 største selskapa i Hallingdal er kvinner. Ser me på styreleiarane, er heile 94 prosent av dei menn.

Det er rett og slett dystre tal. Nesten på grensa til pinlege. Til samanlikning er dei nasjonale tala slik: 18 prosent av daglege leiarar i næringslivet er kvinner, samt 16 prosent av alle styreleiarar i norsk næringsliv. Det er jo ikkje bra tal det heller. Men Hallingdal burde likevel ikkje ligge så langt under landssnittet.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har det kome eit nytt lovkrav, som kanskje betrar situasjonen noko. Store og mellomstore bedrifter skal ha minst 40 prosent kjønnsbalanse i styret. Dette er i ferd med å bli innført, og vil tvinge omtrent 20.000 norske bedrifter til å gjere endringar. Til saman vil det vere behov for nærare 13.000 kvinner inn i norske styrerom.

Det nye kravet vil treffe Hallingdal også. Ifølgje ei undersøking Sats på Hallingdal og Hallingdal næringshage har gjort, er det 14 bedrifter i regionen med meir enn 100 millionar i omsetting som ikkje har 40 prosent kvinner i styret i dag. For bedrifter med lågare omsetting, er det endå fleire.

Det kan vere delte meiningar om det å kvotere, men historia har vist at i dei fleste samanhengar har kvotering vore både viktig og riktig for å få kvinner inn i jobbar, leiarposisjonar, styre og stell. Me håpar det nye kravet vil bidra til at kjønnsbalansen i ulike styrerom blir såpass jamn som den må vere. Dette handlar trass alt om å utnytte kompetansen og dei kloke hovuda til alle dei dyktige kvinnene som finst i dalen.

I alle slags styrer bør det vere ei bevisst haldning til mangfald. Dette handlar ikkje berre om kjønn. Det handlar også om å tenkje ulik kompetanse, ulik alder, ulik kulturell bakgrunn og kanskje også ulik geografi på medlemmane. Det kan vere mykje å hente på å tenkje utanfor boksen, men då må dei som tek avgjerder vere bevisst situasjonen.

Under fredagens Vannhull på Pers hotell var nettopp kvinnekraft tema. Det engasjerte. I salen sat det 154 personar - men berre 24 av dei var menn. Det burde vore langt, langt fleire. Om det er slik at heile 90 prosent av dei daglege leiarane i dei store bedriftene i Hallingdal er menn, og 94 prosent av styreleiarane, burde desse vore til stades for å både høyre og lære om lovkrav og kva kompetanse dei går glipp av ved å ikkje rekruttere inn kvinner.

Det er på høg tid å ta grep, derfor er det fint å sjå at det no blir etablert eit kvinnenettverk i Hallingdal. Det har fått namnet «Kvinnegnist», og skal mellom anna fokusere på kompetanseheving, nettverksbygging og styrekompetanse blant kvinner. Det er eit steg i rett retning.