Herrelaget til HFK forlenga rekordrekka si mot ROS, og er no oppe i elleve tre-poengarar på rad. Her er troppen som var i Spikkestad fredag. Bak f.v.: Jan-Eirik «Jansen» Thorberg (hovedtrener), Paul Tollefsen (lagleder), Gaute Sporan Tollefse, Mikkel Storeskar, Anders Mastrup, Abbas Amir Ahmed, Johannes Dokken Kleppo, Morten Jensen (trener) og Nils Egil Vedvik (trener). Foran f.v.: Erik Hjelmås Lien, Mathias Sætre Jensen, Sander Tovsrud Brenno, Simen Andres Hagberg Renslo, David Torralba Perez, Sander Stensrud Tyribakken, Per Oskar Stave, Øyvind Tørrisplass, Ammar Alhamdo og Vegard Vedvik. Foto: Sangin Lee

Sjå på denne gjengen! Dei kan me vere stolt av

Gløym Premier League. Gløym La Liga. Gløym Serie A. Gløym for all del også Tippeligaen. Dei store fotballprestasjonane i desse dagar skjer ikkje på Anfield, Allianz Arena, Camp Nou eller Lerkendal.

Dei skjer på Hallingmo, Spikkestad kunstgras og Ørenbanen. Der spelarane ikkje heiter Martin Ødegaard, Lewandowski, David Silva eller Erling Braut Haaland, men Øyvind Tørrisplass, David Torralba og Abbas Amir. Det er dei som er haustens store heltar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I helga sette HFK ny klubbrekord med 11 strake sigrar. Dei har ikkje tapt sidan 2. juni, då dei gjekk på eit knepent tap borte mot Kongsberg. Hallingane kan nesten ikkje hugse korleis det er å tape. Spørsmålet er; kor ender dette?

Her er faktum: På topp av tabellen i 4. divisjon ligg Åssiden med 55 poeng. HFK er på andreplass, med 48. Hallingane har ein kamp mindre spelt. Dreg dei den i land, kan luka mellom dei to klubbane vere på berre fire poeng.

Kven som trekk det lengste strået til slutt, er sjølvsagt ikkje mogleg å si. Men det står att seks kampar av årets sesong, og den aller siste kampen går mellom nettopp Åssiden og HFK, på Åssiden stadion 21. oktober. Det kan faktisk lukte ein rein seriefinale. Skulle det skje, er det berre å kalle ut alt av bussar, flagg, skjerf og supportermateriale i heile dalen. Då må hallingtoget gå fullasta i retning Drammen.

«Eg elskar å vera ein del av dette laget», sa Abbas Amir til Hallingdølen etter at HFK hadde vunne mot ROS i helga. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Det er reint rørande å sjå korleis kameratskapen og samhaldet i heile gruppa, både blant spelarar og trenarar, får fram ei vilje til å vinne som er unik. Frå utsida ser det ut som frykta for å tape, eller i det heile tatt tanken på å tape, ikkje finst. Det er ingen andre alternativ enn siger.

Det kanskje største provet på at vinnarskallane er mange i dette HFK-laget, er evna til å avgjere på tampen av kampane. Det har skjedd mange gonger i år. Dette ekstra giret, denne «me skal f*** ikkje tape»-haldninga, den kjem ikkje av seg sjølv. Den seier noko om ein kultur som har grodd fram i klubben, i eit lag som rett og slett må vere eit særdeles godt kollektiv.

Det er ikkje rart det vart vanskeleg for «Jansen» å gi seg. Generalen sjølv, som over mange år har dyrka fram kulturen som HFK står for. Klart han ikkje kan slutte. Dette toget må ha ein stødig lokførar, og akkurat no er det berre Jansen som kan gjere den jobben.

Dette blir ein ulideleg spennande haust. Me kan ikkje anna enn å oppfordre folk til å ta turen på Hallingmo på dei siste heimekampane. HFK kan meir enn nokon gong trenge ein 12. mann!