Siste frist for lovleg innlevering

I dag går fristen ut for å levere inn uregistrerte våpen til politiet. Det noverande våpenamnestiet vart innført fyrste januar i år. Dei første fire månadene fekk politiet inn over 8100 våpen. Det er fleire enn sist det var amnesti, i 2017. Då kom det 8000 våpen.

Det var også våpenamnesti i 2008, i 2003 og i 2004. I 2008 kom det 13.000 våpen, og i dei to føregåande vart det levert inn 35.000 våpen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ei raus og rimeleg ordning. Ingen blir straffa for å ha oppbevart uregistrerte våpen som dei no leverer inn. Det er også greitt å levere inn våpen anonymt, om ein vil det slik.

Målet med ordninga er sjølvsagt å få ned risikoen som ligg i at nokon kan ta i bruk eit våpen dei har liggande for å gjere ulovlege eller tragiske handlingar. Våpen på avvegar kan også føre til farlege situasjonar, dersom barn eller ungdom får tilgang.

Våpen blir også brukt til ulovlege handlingar, men politiet har neppe stor tru på at det er dei kriminelle miljøa som no oppsøker etaten med tinga sine. Dette er då også ein av grunnane til at amnestiet ikkje kan vera ei permanent ordning. Ulovlege våpen skal vera ulovlege.

Les også
Våpena strøymer inn til politiet - det som overraskar er at det ikkje ser ut til å ta slutt

I svært mange tilfelle handlar det om ulikt av arvegods. Mange har arva våpen som tidlegare eigarar, i fleire ledd, korkje har brukt, eller registrert. Nye arveoppgjer er eit argument for å gjenta amnestiet om ei tid.

Noko også ligg att etter krigen, då gøymde mange våpena sine godt, i staden for å levere dei inn, eller søke om løyve, slik okkupasjonsmakta kravde.

Mange av krigsvåpena vart dessutan lagra i tilfelle ny krig. Den kalde krigen kom fort, og det vart ikkje sett på som særleg ulovleg å halde seg med litt personleg beredskap, for tilfelle skuld.

Sjølv om krigen i Europa har blussa opp att, lever me likevel i ei annan tid no. Uregistrerte våpen i heimar og hytter møter heldigvis lite forståing i samfunnet.

Samtidig tikkar meldingane om skytedrama, ikkje minst i USA, inn til nyheitskanalane. Der er våpenpolitikken meir lemfeldig enn her til lands. Det er svært få her i landet som ynskjer seg liknande tilstandar. Dette kan også ha bidrege til oppslutninga om amnestiet.

Artikkelen held fram under annonsen.