Gamal stemmeurne frå Selje, Sogn og Fjordane.

Røysterett for kvinner

Kvinner fekk røysterett ved stortingsval i 1913. Det er såleis 110-årsjubileum i 2023.

«Allereie dei gamle grekarane …» har vore ein vanleg opningsfrase for mang ein norskstil. Ja, allereie i Grekenland hadde dei ei form for demokrati med avrøysting. Men så gjekk det i gløymeboka. Her i landet var kongen i Danmark-Norge eineveldig frå 1660. Røysterett var det knapt nokon som tenkte på. Men framover mot 1814 braut det seg fram nye tankar, særleg i Frankrike, og dette kom til uttrykk i Grunnlova som Riksforsamlinga fekk i stand. Menn fekk røysterett, men avgrensa. Berre slike som embetsmenn, byborgarar og dei som åtte jord, vart rekna bra nok til å ta avgjerder. Så fekk menn etter kvart allmenn røysterett, at alle menn over ein viss alder hadde rett til å røyste. Dette skjedde for stortingsval frå 1898 og for kommuneval frå 1901.

Men kvinnene vart haldne nede og unna. Det fyrste framlegget om å endre Grunnlova slik at kvinner kunne røyste, vart fremja i 1886. Og i dei 27 åra stortingsmennene drøfta temaet, kom det ei mengd glitrande gullkorn frå talarstolen på tinget. Motstandarane var kvasse og krasse i ytringane sine. Ein som hadde vore kyrkjestatsråd uttrykte seg slik: «Den naturligste anvendelse av dem (legg merke til ordbruken!) er i huset og hjemmet. Også jeg erkjenner fullt ut at kvinnen er et menneske (tenk det!), men derav følger ingenlunde, at hun derfor skulle ha krav på stemmerett».

Artikkelen held fram under annonsen.

Biskopen

«Vi tillegger henne nemlig, og henne alene, evnen til å kunne skape et hjem», kom det frå ein som hadde vore biskop. Dei såg det slik at mannen var heilt utan slike evner, så dei var redde at familien ville gå til grunne viss kvinnene skulle få ta del i det offentlege liv. Og biskopen hadde vore heldt fram: « … ikke være et signal om hennes frigjørelse», men tvert i mot «signalet til hennes fornedrelse, hjemmets forstyrrelse, familiens suksessive oppløsning og et derav uunngåelig moralsk forfall. Dersom hun vil ut i offentligheten, så forakter hun sin egen gjerning, så vil hun da ikke være kvinne. Hun kan ikke gjøre mannens gjerning, og hun vil ikke gjøre kvinnens gjerning, hva blir hun så? Hun blir et vanskapt misfoster, hun blir et neutrum» (inkjekjønn).

Ein av dei som tala kvinnene si sak, bad motstandarane tenkje over dei evnene og den kunnskapen mødrene, konene og systrene deira hadde. Men her var biskop-emeritus’n frampå att. Han let seg ikkje overtyde av tanken på at hans eiga mor skulle tatt del i debatten dei nett hadde. «Tenk dere den ærverdige med sin stakkars fistelstemme utbre seg med all den iver og fanatisme som lett griper kvinnen. Er jeg den eneste som i redsel ville ha løpt ut av salen, hvis man tenker seg sin mor i en sådan situasjon», spurde han.

Legen

Ein som var lege og veterinær var bekymra for konsekvensane av å tvinge kvinnene til å «styrte inn i det offentlige livs malstrøm» og leggje på henne eit arbeid ho ikkje kunne klare. For: «Sterkt hjernearbeid forårsaker hos kvinnen ikke alene illebefinnende, men gjør henne direkte syk. Å gi kvinnene stemmerett og valgbarhet og gjennomføre dette system i praksis vil simpelthen være å begå nasjonalt selvmord». Han avslutta med følgjande utbrot: «Skal vi nå foruten den innflytelsen kvinnen har bak kulissene, og som hun tross alt dessverre (!) alltid vil komme til å beholde, også gi henne statsborgerlig stemmerett, så vil det ikke bli til å holde ut».

Trass i motstanden gjekk det sakte men sikkert i retning av at kvinnene fekk vera med og bestemme. Kvinnene fekk avgrensa røysterett ved kommuneval i 1901 og ved stortingsval i 1907. I 1910 fekk dei allmenn røysterett ved kommuneval og i 1913 ved stortingsval. Frå den 11. juni i 1913 lydde paragrafen i Grunnlova slik: Stemmeberettigede ere de norske Borgere, Mænd og Kvinder, der have fylt 25 Aar, og som have været bosatte i Landet i 5 Aar og opholde seg der.

Anna Rogstad

Den som har røysterett kan veljast som representant. Den fyrste kvinnelege representanten var Anna Rogstad som i 1911 møtte på tinget som vararepresentant. Røysterettsalderen har gått suksessivt ned, og frå 1978 er den 18 år. I blant ser ein at tanken om 16 år blir lufta.

Det høyrest kanskje ut som at vi var seint ute med å gje allmenn røysterett til både kvinner og menn når ikkje dette skjedde før i 1913. Men berre eitt land i Europa var før oss med allmenn røysterett for kvinner, Finland i 1906. Tidlegast i verda var New Zealand i 1893. I Sveits var dei seint ute, 1971.

Røysterett er nå ein ting, og viktig nok. Men enda viktigare har den kvinnefrigjeringa vore som har skjedd på så mange område innan utdanning og arbeidsliv, politikk og samfunnsliv sidan 1960-talet. Ei frigjering som nok ennå ikkje er fullstendig, men som ser enormt stor ut når ein som har levd lenge, ser attende.

Lars Brustugun

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensjonist