Regjeringa ser på saka i desse «kilowattimane»

Høge straumprisar sender skjelvingar inn i regjeringsapparatet. – Eg ser på det i desse timane, kunne ein hardt pressa energiminister, Marte Mjøs Persen fortelje under Debatten på NRK fjernsynet tysdag kveld. Innlegget hennar kunne også tolkast til at det i løpet av kort tid skal løyvast pengar som skal kompensere rekordprisane me har opplevd den siste tida.

Me synest synd på den nyutnemnde statsråden. Ho blir kasta til ulvane for å forsvare noko alle partia på Stortinget har vore med på sidan 1992. Unntaket er Raudt og SV. Frp og SP har rett nok kome på banen med skepsis dei siste månadane. No verkar det som om det meste av det tunge politiske miljøet er forbausa over utslaga som liberaliseringa av kraftmarknaden gir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er det ingen grunn til. Allereie i 2019 skreiv kraftveteranen Osvald Medhus i Hol kronikken «Fakta om krafta vår» her i Hallingdølen. Han beskreiv endringane som til då var gjort, og dei som skulle bli gjort. Innlegget er ein grei veg til forståing av situasjonen me har i dag.

Heldigvis er det mange som nyttar seg av arbeidet Medhus gjorde i 2019. Hallingdølen publiserte innlegget på nytt sist sundag. Det er no lese av 18.000 berre på Hallingdølen sine sider. I tillegg blir innlegget delt flittig på andre nettsider.

Dei som les innlegget til Osvald Medhus skjønar fort at straumprisane i vinter handlar om ei varsla katastrofe. At energiministeren peiker på at lite nedbør, og lite vind, er ein ekstraordinær situasjon får stå for hennar rekning. Energiforsyning basert på vêrutviklinga vil alltid vere utsett for svingingar. Det er ikkje ekstraordinært.

Tidlegare vart det lagra ein reserve av energi norske kraftbasseng. Det kosta pengar å gjere det på den måten, og med moglegheit for å eksportere kraft til utlandet, vil ei slik prissikring i dag koste meir. Men lagringa av vatn gav i si tid moglegheit for å kunne tilby innbyggarane, dei som hadde betalt bygginga av kraftverka, ein fornuftig og stabil kraftpris.

Mange vil peike på det solidariske i å selje miljøvennleg kraft til kontinentet. Me meiner det er rett. Men ikkje i alle situasjonar, og slett ikkje utan å trygge den nasjonale forsyninga. Me lever i eit kaldt land.

Ein norsk husstand har vesentleg større behov for oppvarming, enn ein sør for oss. Norske husstandar, med 15 varmegrader i bustaden, som no opplever at økonomien går frå pluss til minus, vil aldri støtte ei politisk korrekt harmonisering av prisane med kontinentet.

Dette vil regjeringa måtte ta omsyn til. Dersom folk opplever at dei styrande ikkje tek vare på sine eigne, er vegen kort til ei misnøye langt større enn det me nokon gong har sett her til lands. Vinteren har trass alt berre så vidt starta.

Kraftdebatten tysdag kveld var todelt. Nokon snakka om sosialpolitikk, andre snakka om kraftpolitikk. Det vil sjølvsagt kunne diskuterast om ei tilbakebetaling av kraftpengar er det eine, eller det andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me trur uansett at regjeringa ikkje kjem utanom tiltak som monnar, og som blir opplevd som rimelege. Så er det å håpe at også vedtaka som ligg bak, og som er årsaka til problema, blitt gått etter på skikkeleg og truverdig vis.

Les også
Kronikk: Fakta om krafta vår