Ål ungdomsskule: Ål ungdomsskule skal målast i 2022 i same farge som bygningane på Nedre-Ål

Problem i skulen er samfunnsproblem

Vald og trugsmål frå elevar ligg bak delar av sjukefråværet i Ål-skulen. Høg arbeidsbelastning for tilsette, som har stått i krevjande elevsaker, er ein annan viktig faktor. Dette kom fram då politikarane fekk presentert sjukefråveret blant dei kommunalt tilsette.

Når tilsette i skulen blir sjuke grunna vald og truslar, så er det rett og slett skrifta på veggen i eit samfunn, som reknar seg som sivilisert. Det som vart lagt fram i kommunestyret, blir ikkje tolerert i arbeidsmiljøet i andre yrke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uro og vald har også ei anna side. Medelevane. Når lærarar opplever så harde tak at dei blir sjukmelde, så er det eit moment som er klart; elevane opplever det same.

Korleis medelevane har det, kjem ikkje fram på statistikken over sjukemeldingar. Eit utrygt og øydelagt læringsmiljø, syner seg fyrst på statistikken over fråvær og karakterar. Seinare på helsetilstanden i deler av befolkninga.

I kommunestyret rosa Sp-representanten Ivar Brevik kommuneleiinga for openheit om problema. Det var det all grunn til. Altfor mange leiarar innan skule- og kommunesektoren legg mykje energi i å halde denne typen problem skjult.

Slikt er lett å forstå. Det er stort press på å halde fasaden i dag. I tillegg er personvernet til elevane heilag. Det skal det også vere. Personvernet til dei som slit med eigen åtferd er like viktig som for andre. Me driv ikkje med gapestokk her til lands.

Ål er ikkje åleine i denne saka. Uro i skulen er vel kjent i heile landet, og mørketala er truleg store. Tusenar av skuleelevar får deler av skulegangen øydelagt, når læraren må nytte meir tid på å skape ro, enn på å undervise.

Kommuneleiinga i Ål forsikra i møtet at dei er opptekne av å støtte lærarane. Den er også i godt selskap. Undervisningsminister Kari Nessa Nordtun frå Arbeiderpartiet, la nyleg fram stortingsmelding om temaet.

Eit av momenta i denne, er å gje lærarar sterkare ryggdekning for å nytte fysisk makt, når elevar ter seg slik at liv, helse eller eigedom er i fare.

Bestemmelsar om dette finst sjølvsagt allereie i straffelova. I skulen må imidlertid høvet til maktbruk balanserast opp i mot regelverket som skal sikre at elevar ikkje blir mobba eller krenka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framlegget frå ministeren må difor vurderast grundig opp i mot fleire omsyn. Ikkje minst opp i mot rolla som lærar. Ynskjer me eigentleg at bruk av makt skal vera ein del av læraryrket?

Det er uansett vel så viktig å merke seg bakgrunnen for utspelet frå statsråden. Ho ynskjer å gjenreise respekten for, og autoriteten til, lærarane. Det er aktverdig, men etter vårt syn berre halve jobben.

Undervisningsministeren må også få med seg foreldra, og resten av samfunnet i dette arbeidet. For eit samfunn som lever med at formidlinga i skulen blir hindra av vald og generell uro, har eit problem som gjeld oss alle.