Politisk ego utan grenser?

At ein politikar er folkevald vert dessverre for mange raskt gløymt når vedkommande får makt i sentralpolitikken. Det synest da som om eigeninteresser i stor grad får rå.

Egotrippen

Den tvilsame men litt raskare vegen til makt, pengar og posisjon synest ingen ende å ta i dei sentrale korridorane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan nemnast saker som

•juks med masteroppgåver

•aksjekjøp og mogeleg innsidehandel

•nære vener vert ansett i gode stillingar

•oppgi feil bustadadresse for å oppnå økonomiske fordeler

Hets og diskriminering på nettet i fylla og eitt tilfelle av nasking gjer det ikkje betre, og tilliten til dei sentrale politikarane er no på eitt absolutt lågmål.

Politisk posisjon nyttast i stadig større grad for å tilgodesjå eigen økonomi og eigne interesser. Å fremje politikk etter partiprogrammet får ikkje den prioritet veljarane må kunne forvente, og kjem stadig oftare i skuggen av personlege interesser.

Vennetenester

Ny toppstilling og kjapt tilbake i manesjen heilt utan skam er det ein ser siste dagane, når ein berre har dei rette venner i politikken som skal sikre seg brei støtte vidare for eigen framtid i eige parti. Gir dette tillit til leiande politikarar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Slikt skapar berre politikarforakt!

Vi har i Norge skrytt av at vi ikkje har korrupsjon som enkelte fy-land men det vert lite å skryte av no, etter ei stadig lengre rekke av uredelegheiter?

Ego og eigeninteresser skygger over at folkevalde har eitt partiprogram dei er innvalde på. Framsette lovnader går ein gjerne ifrå dagen etter, utan blygsel, om det så er jernbane mellom dei to største byane i landet. Dette sjølv om forsikringane og kakefeiringane har vore mange heilt opp til Stortingspresidenten.

Fare for demokratiet

Kvar ender dette? Folk sit heime ved neste stortingsval! Det vert ein fare for demokratiet!

Det må til ei gjennomgåande haldningsendring og det må lyttast meir til folket. Sentrale parti vil ved neste stortingsval få ein solid baksmell der enkelte vil hamne nede rundt sperregrensa. Dei må ta folkets dom sidan politikarane ikkje er villige til å høyre på fleirtalet av veljarane men meiner dei veit mykje betre sjølve og køyrer sin eigen personlege agenda.

Ikkje setteverge

Enkelte gløymer at dei er innvalde på eitt program og ikkje er oppnemnde som setteverger for veljarane. Det verkar som sentrale politikarar heller meiner det er eigne veljarar som tek feil i saker når gallupen går til botnars. Kunne det vore ein tanke å lytte litt meir og vurdere om den praktiske politikken ikkje er slik den var lova. Det nyttar ikkje å stikke hovudet i sanden og håpe det går over. Heller ikkje hjelper det å fylgje saka nøye når ingenting skjer i fortsetjinga. Det skuldast på krig og inflasjon samt andre utanforståande årsaker når folket ventar at det vert teke raske og synlege politiske grep. Det synest som politikarane er handlingslamma av avtaler og tilknytingar til det sentrale Europa. Folk spør seg har politikarane gitt frå oss all styring med naturressursane i dette landet! Er det slik me vil ha det?

Truslar frå EU

Utvalet som skulle vurdere EØS tilknytinga leverte i staden eitt einsidig lovprisande bestillingsverk der utanriksministeren nytta pressekonferansen til rein EU propaganda. Meir, raskare og tettare tilknyting er bodskapet – at det samstundes betyr å gi frå seg all kontroll med naturressursar (les kraft) vert ikkje nemnd.

Kvar blir det av sjølvstyret i dette landet? Påtrykket frå EU med truslar for raskt å få hand om meir av naturressursane gjer at politisk leiing ynskjer å få snudd folkefleirtalet. Globalisering og eitt Norge sentralstyrt frå Europa er politikken til statsminister, utanriksminister og deler av regjeringa. Vi skal liksom ikkje ha noko val. Men fakta er jo at det er vi som sit på kranene for gass og straum og bør kunne stille klare krav eller skru igjen. Energikrisa i Tyskland synte vel kven som kunne levere gass og straum då det røynte på men då skal det ikkje no vere på grunnlag av truslar. Me har hatt nok av truslar og besøk frå det hald før. Framgangen til Frp den siste tida fortel litt om folkemeininga til ein del av desse sakene som går på sjølvråderetten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Energipolitikk og klima

Ein vente og sjå haldning i energipolitikken er feilslått og gjer at veljarane mister all tillit til politikarane.

Det må forventast tydeleg politisk styring basert på fleirtalet i folket i eitt demokrati. Eige syn må setjast til side for det program folket har valt vedkommande inn på. Er det vilje eller mangel på kompetanse det skortar på for å få dette på plass. Eg fryktar det er det fyrste!

Eige næringsliv skal ofrast på det europeiske klimaalter og vårt kvite gull vert sendt utanlands eller putta inn i enorme batterifabrikkar, vindmølleparkar og datasenter eigd av store utanlandske konsern som skor seg rått på vår billige fornybare energi mens den vanlege mann her heime må betale rådyre straumrekningar. Vesle Norge skal berge verda medan stormaktene kan køyre på stort sett som før. Kven som skor seg og kven som vert taparen er lett å skjøne? Skal me nærast knekke eige næringsliv og gje frå oss natur-ressursane i dette landet for å tilpasse oss krav ingen av dei største landa som har utslepp av nokon størrelse har dei minste planar om å fylgje.

Sjølvstyre

Dagleg høyrer ein på bygda spørsmålet kva skal ein no stemme ved neste stortingsval? Høgre og Ap kappast jo om EU tilknyting, og ynskjer gje frå oss stadig meir sjølvstyre og knytte oss nærare til EU. Uvanleg mange finn ikkje lenger noko parti som fullt ut er dekkande for deira syn. Sp gjekk hardt ut ved siste stortingsval men har i stor grad enda som eitt heller passivt haleheng til Ap. Med presset om ei 4. energipakke bør Sp snarast komme seg ut av regjering om dette blir realitet, og bør i det minste stå som garantist for at det ikkje vert gjennomført så lenge dei sit i regjering. Skuffande er det også at landbruksforhandlingane har stranda som mest rot.

Samfunnsdebatten

Det aller meste av samfunnsdebatten går i dag på ressurspolitikk og synet på det såkalla «grøne skiftet» der meiningane er delte. Ser ein bort frå meir ytterleggåande syn på begge sider trur eg den jamne folkemeininga er at dette no har teke heilt av og me er inne i ei utvikling med eitt klimahysteri utan tilstrekkeleg politisk styring der voldsomme investeringar vert gjort utan tilstrekkeleg fagleg kompetanse. Det er nok å sjå til nye straumkablar, elektrifisering av sokkelen, vindmøller og feilslåtte elbussinnkjøp i byar som Oslo der det går mot konkurs og kollaps i kollektivtrafikken.

Neste stortingsval må folket kunne krevje av dei som skal styre dette landet at politikarane i det minste set sine privatinteresser og sitt eige ego til side og følgjer det valprogram og den politikk dei er innvalde på og ikkje køyrer sin eigen personlege agenda!

Torstein Seim