Politi til partybygda

Politiet skal attende til Hemsedal. Det vil seie. Dei har vore der heile tida. Men då på utrykking ved behov, og i konkurranse med andre oppdrag.

No skal etaten få fast plass i vintersesongen. Sist det var slik, var i åra då lensmannskontoret i Gol og Hemsedal hadde fast kontorplass i idrettshallen nokre dagar i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir sjølvsagt ikkje på same vis. Både politileiinga og politikarane i Hemsedal veit utmerka godt at det er ikkje eit kontor, og eit skilt, som må til.

Det som framleis må til, er mobile mannskap som tek tak når det trengst. Det vil i hovudsak seie på kvelds og nattetid, i høgtider, feriar og helger.

Ein «Tenestestad» i Hemsedal kan vera alt frå ekstra bilpatruljar øyremerka bygda, til eit lokale med politiskilt. Truleg noko av kvart. Det viktige er at det er snakk om ein øyremerkt ressurs.

Opptrappinga av polititenesta i Hemsedal, vart lansert som ein del av regjeringa sin plan om å auke talet på tenestestader i distrikta. Opplegget er ei reversering av Solberg-regjeringa sin politireform.

Les også
Gjenopnar lensmannskontoret: Meir synleg politi i partybygda gjennom vintersesongen

Planen om opptrapping, fekk lunken mottaking. Ei rekkje polititoppar ville ikkje ha dei nye tenestestadene. Dei har tilpassa organisasjonen opplegget som er i dag, og ville halde fram slik.

Dette er eit rikspolitisk spel, med både valkamp, og generell politisk kamp. Å reversere eit vedtak på ein måte, som ikkje fører til anna enn nye reversering ved neste regjeringsskifte, er ikkje anna enn spel.

Me er likevel heilt sikre på at Hemsedal vil heve seg over dette. Tildelinga er gjort. Det som gjeld no, er å få til eit samarbeid med politiet som sikrar best mogleg utteljing for bygda.

For det er ingen tvil om at Hemsedal treng ei oppfylging frå ordenstenesta, som fungerer optimalt. Talet på oppdrag, og alvoret i mange av desse, gjer at alle involverte må heve seg over det politiske spelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen er difor svært oppteken av at grepet, som no er gjort, verkeleg kjem Hemsedal til gode. Satsinga må gjere ein synleg forskjell nettopp der, ikkje drukne i det store sluket.