Politi som symbol i distriktspolitikken

Regjeringa vil opprette politikontor i Hemsedal. Politiet derimot, vil heller ha fleire patruljar framfor å leige eit lokale som risikerer å bli ståande tomt, eller å stresse bemanninga.

Neste år skal det opprettast 20 nye tenestestader rundt i landet, blant anna i Hemsedal. No ventar etaten på kva desse skal innehalde. Skal det vera eit «lensmannskontor» ope på bestemte tider på dagtid, eller skal det vera noko heilt anna?

Artikkelen held fram under annonsen.

Spør politistasjonssjef i Hallingdal, Brit Fyksen. Ho er nøgd med dagens ordning. To tenestestader, på Geilo og i Nesbyen som er opne ein dag i veka, i tillegg til Gol som er ope fem dagar.

Det ho treng meir av er politi når det er mykje folk i bygdene, Altså patruljar i helgene. Ikkje endå eitt kontor som er ope litt på dagtid.

Striden om tenestestader gjeld heile landet. Politiet ynskjer ikkje desse 20 nye kontora, og politiforbundet melder om 19 kontor, som i dag står heilt tomme. I tillegg minner forbundet om at rundt 30 kontor berre er bemanna av ein eller to personar.

Nokre av desse siste er det også grunn til å behalde. I eit stort land må det til nokre små politikontor, for å unngå at avstandane til etaten blir for store. I denne kategorien finn me kontoret i Nore og Uvdal som etter ei tid med kamp og usikkerheit, no har fire tilsette.

Senterpartiet er pådrivaren for dei nye kontora, som etaten ikkje vil ha. Sp-ordførar Pål Rørby i Hemsedal ynskjer seg eigne oppgåver og oppdrag lagt til ein ny tenestestad i bygda. Han minner også om at departementet seier tilboda ved dei nye tenestestadene skal koma i tillegg til andre lokale tilbod.

Hallingdølen meiner dette er ynskjetenking både frå ordføraren i Hemsedal og frå regjeringa.

Symbolpolitikk er det også. For det blir berre feil når den politiske leiinga over- og detaljstyrer politiet til å leige inn kontorlokale etaten ikkje vil ha.