Mobilt utstyr avslører vekta. Denne hengaren og varebilen hadde til saman tre tonn med overvekt.

Pass vekta også på vegen

Bil og hengar var godkjend for maksimalt 3500 kilo. Den verkelege vekta var 6500 kilo. Utekontrollen frå Vegvesenet såg også at det rauk frå bremsene, og då ekvipasjen vart stoppa synte det seg i tillegg at lasta ikkje var godt nok sikra.

Dette er forstemmande. Overvekt på køyretøy er farleg. Overvekt på hengar er dobbelt farleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ein grunn til at dei som køyrer med tunge tilhengarar, i ulike førarkortklassar, skal gjennom opplæring som er tilpassa dette. Ein tung, og feil lasta, tilhengar kan i løpet av sekund overta styringa og sende både bil og hengar ut i grøfta, eller over i motsett køyrebane.

Tilfellet i Gol syner to ting. Det eine er at stygt overvektige køyretøy finst på vegen. Det andre at Vegvesenet er der, og har med seg utstyret som må til. Du må ikkje innom kontrollstasjonen for at vekta di skal bli avslørt.

Vekt av køyretøy er eit tema svært mange bilistar let att augo for no i ferietida. Alle skal med, og alt skal med. All plass blir nytta, frå skiboks, til hengar med puslut lasteevne. Og kva med bilen?

Særleg elektriske bilar slit her. Opplysningsrådet for vegtrafikken har laga ein oversikt over nokre av dei mest populære familiebilane på elbilmarknaden. Det er tankevekkande lesnad.

Grovt sett ligg lasteevna frå 350 til oppunder 500 kilo for dei 25 mest selde modellane. Halvparten plasserer seg rundt 400 kilo. Det er nok til at fem vaksne gir overvekt. Ein vaksen er i vognkortet rekna til 75 kilo. Med fem biffar om bord er vegen kort til overvekt. Det er aktuell vekt på den einskilde som gjeld.

Heldigvis er det gjerne barn i bilen. Dermed blir det råd å få med både telt, soveposar, klede til alt av vêr, utstyr til alle aktivitetar og så bortetter. Eller blir det no det? Hugs at ladekablar, spylevæske, og greiene som alltid ligg i bilen, ikkje er vektlause.

500 kilo meir enn lovleg totalvekt kostar 3000 kroner frå feriekassa. Du kan også få beskjed om setje att last, eller folk i vegkanten. Vidare kan forsikringsselskapet kan bli gnitent, dersom du kolliderer.

Det er difor all grunn til å passe vekta no i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.