Overraskande soloutspel om legevakt

Gol kommune no har sett i gang eit større arbeid med å omorganisere helsetenestene i bygda. I arbeidet høyrer også med eit framlegg om storlegevakt i Gol. Det seier seg sjølv at dette skapar uro. Ål-ordførar Solveig Vestenfor har allereie omtala saka som krevjande for det regionale samarbeidet.

Kommuneadministrasjonen i Gol viser til faglege grunnar for å gå laus på saka. Legevakta i Gol er organisert som samarbeid med Hemsedal på kveld i, helg og i høgtidene. Nattetid er det Ål som gjeld for heile Hallingdal, med unnatak av Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

I utspelet frå Gol blir det synt til at fastlegar opplever ordninga slik ho er no som krevjande. Også pasientar har reagert og meiner omvegen om Ål ikkje er føremålstenleg dersom turen seinare går til sjukehuset på Ringerike.

Til forsvar for dagens ordning blir det trekt fram det gode samla tilbodet som er etablert ved Hallingdal sjukestugu på Ål. Vidare er det frykt for at ei endring kan svekke samarbeidet med Vestre Viken om sjukestugu.

Saka fylgjer i tillegg til det faglege, også eit politisk spor. Ål ordføraren er også regionrådsordførar. Ho reagerer på at arbeidet med å sjå på ei eventuell nyordning ikkje er forankra i regionrådet. Det kan sjå ut som eitt greitt argument, men er det ikkje. Regionrådet er ikkje meint som organ for førehandsgodkjenning av nye tankar. Til det er skiljelinene mellom kommunane så fasttømra, og føreseielege, at dette vil grense til gisseltaking av nye tankar.

Når det er sagt. Endringar innan eit felt som dette, skal sjølvsagt også handterast i regionrådet. Det finst svært gode argument for å hegne om det som er etablert ved sjukestugu på Ål. Argumenta kan også vera så gode at ei endring, sjølv om den isolert sett kan vere av det gode, blir vraka av di den ikkje tener heilskapen. Så alvorleg er faktisk saka.

Det me ikkje treng no er ein på førehand fasttømra debatt langs kjende regionale skyttargraver. Det er også ei avsporing å diskvalifisere golingane med argument om at dei har teke seg til rette med å ta regien på ein debatt, som etter alt døme har eksistert i fagleg forum ei tid.

Me trur at når det fyrste sjokket har lagt seg, og dei fleste misforståingane er oppklara, så vil dette bli ei fagleg sak. Slik me ser det, reknar me det som mest sannsynleg at eventuelle endringar, som fagmiljøa etterspør, kjem innan dagens system. Ei omfattande omkalfatring vil rett og slett krevje for mykje.